Oppdatert/endra
21.08.2008



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside    
 

Gud vil visa vegen vidare!

Det vanka mange blomehelsingar under avskjedsgudstenesta for Tone Synneve Myklebust Hellesøy.


Tone Synneve Myklebust Hellesøy tok til som kyrkjelydsmusikar i Husnes prestegjeld 1. januar 2007. Etter eitt og eit halvt år i teneste var det avskjedsgudsteneste for Tone Synneve i Valen kyrkje søndag 1. juni. Grunnen til at ho slutta er samansatt.

Spenninga då eg tok til gjekk på det å spele orgel. Eg er utdanna pianist, og orgel hadde eg ikkje spelt før. Tanken på å få vera i teneste i ein menighet vog likevel opp for spenninga eg kjende på i forhold til orgel-spelinga. Og det har eg opplevd svært godt; Å få vera i eit kristent fellesskap og få tene med det eg har av utrustning. Eg har trivdes svært godt. Ikkje minst har eg opplevd eit flott arbeids-miljø på kyrkjekontoret på Husnes. Eg har og fått treffe mange kjekke folk t.d. under kyrkjekaffien etter gudstenestene. Sosialt har eg hatt det heilt topp.

Eg har fått merka at eg har blitt sett pris på og har fått gode tilbakemeldingar på tenesta. Det å vera med på SIKVAL i kyrkja på Valen er noko eg kjem til å sakne. Dette er samlingar som er opne for alle, men spesielt tilrettelagt for utviklings-hemma. Eg har fått meg to gode vener i to av dei som er faste deltakarar her.
Jan Tore og Ståle har vore faste følgesvener på mang ei gudsteneste.

I haust hadde eg hovudansvaret for den store familiekonserten med Maren F. Birkeland og eit fellesbarnekor på 160 songarar i Kulturhuset Husnes. ”Hopp opp, Non-stop”-konserten vart eit stort høgdepunkt. Det var mykje arbeid og ei stor utfordring. Sjølv om me var fleire som drog lasset ilag vart det ein del ekstra-arbeid på sida av dei andre arbeidsoppgåvene. I tillegg skal ein ha tid til mann og fire barn heime. Til tider kunne eg kjenne på at utfordringa var for stor, og eg kjende på at eg både kvidde meg og gleda meg. Men eg opplevde at dette arrangementet var noko eg vaks på. Konserten vart flott. Me har fått mange gode tilbakemeldingar, og det vart ein suksess på den måten at me nådde mange me elles ikkje ser i kyrkje eller på bedehuset. Konserten har og fått flotte ringverknadar for dei lokale barnekora rundt om.

Spenninga i det at eg har hatt tenesta mi, og engasjementet mitt, ein annan plass enn der me som familie naturleg høyrer heime, er noko eg har kjent på heile tida. Dette, i tillegg til at det har vore ei halv stilling fordelt på tre ulike kyrkjer, har ført til at eg ikkje har følt eg har fått gjort så mykje som eg gjerne ville. Eg har eit ønske om å vera i eit tettare type fellesskap enn slik statskyrkja fungerer, og få bruke ressursane eg har i éi forsamling.
Er jo noko med det å sjå på forholda slik dei faktisk er, kontra slik ein skulle ønske det var.

Eit anna moment som har ført til beslutninga om å slutte er det som skjedde på sist kyrkjemøte. Me opplever at den liberale teologien brer om seg i statskyrkja, og kjenner på at me kan bli ståande i fare for å bli påverka. Kor lang tid vil det ta før det liberale får innpass i mitt kristenliv? Me har gode, bibeltru leiarar her lokalt, men det er skremmande å sjå kor fort den liberale teologien brer om seg. ”Difor må den som trur at han står, sjå til at han ikkje fell.” står det i Bibelen (1. Kor 10,12). Eg kan innbille meg at eg er sterk, men...

Det er viktig for oss å få fram at me har veldig respekt for dei som ser annleis på dette enn oss. Det er på ingen måte noko protest mot prestar eller andre her lokalt i kommunen. Me kjem til å melde oss ut av statskyrkja, men har ikkje noko klart alternativ til kvar me no vil høyre heime. Me ser på dette som eit steg og stoler på at Gud vil visa oss vegen vidare. Engasjementet vårt held fram. Me ynskjer å bidra med det me har både i bedehus og kyrkje og i andre samanhengar. Me har drive barnekoret ”Gospelkids” på bedehuset i Rosendal sidan hausten 2006. Dette arbeidet ynskjer me å halda fram med.

Me har eit husfellesskap/bibelgruppe på søndagskveldane som fungerer som vårt fellesskap. Her er det med folk frå ulike kyrkjesamanhengar. Det er godt med fellesskap med andre kristne og det å vera med på ulike samlingar om Guds ord.

Det var ikkje berre lett, men eg kjenner meg trygg på at eg har teke eit rett valg når eg no sluttar. Me ser ikkje ein tydeleg veg vidare, men ønsker å vera der Gud set oss – der det er bruk for oss. Eg kjenner på at det skal bli godt å bruke meir tid på den viktige plassen som familien er. Mannen min, Åsmund, er ein del ute og reiser i jobben, og tenesta mi har til tider blitt ei ekstra belastning på familiesituasjonen. Det har gått ut over dei heime. Eg gledar meg til å ta endå meir på alvor det me har heime som familie. Ikkje minst med tanke på kontakten med naboar og borna deira.

Me vil få ynskje Tone Synneve og familien hennar lykke til vidare i livet! Takk for tenesta du har utført her hos oss!
 

Me vil samtidig få takke Ingrid-Marie Hellås (t.v. på bilete) for den innsatsen ho har gjort hos oss dette skuleåret. Ho har hatt praksisplass ved kyrkjekontoret og gjort ein stor innsats særleg i barne- og ungdomsarbeidet.

 

 

 

 

Ingrid Marie Hellås og
Tone Synneve Myklebust Hellesøy
med kvar sitt måleri dei fekk
av staben på kyrkjekontoret.
Måleria er det Marit E. Totland som har malt.

 

 

Hit Counter