Ingvild Ølfarnes kjem frå fagre Utåker. No har ho gått eit år på
Fjellhaug bibelskule i Oslo,
men vegen går frå ein storby til ein annan, nemleg Addis Abeba i
Etiopia.
Ingvild Ølfarnes skal vere ettåring for Norsk Luthersk
Misjonssamband (NLM). Misjonsorganisasjonen har misjonærer i 11 land i
tre verdsdeler. I dei fleste landa har dei eittåringar som hjelper til i
arbeidet.
Dette arbeidet er veldig forskjellig frå stad til stad; undervisning,
lokalt menighetsarbeid, barnepass og så bortover. Ingvild skal vera i to
ulike misjonærfamiliar og passe barna.
-Kva utfordringar trur du du kjem til å møte?
- Staden eg skal bu er langt ute i bushen; det er tørt og vanskeleg å få
tak i vatn. Det er og mykje varmare enn eg er vant til. Å vera eit år
vekke frå familie og vener blir og ei stor utfordring.
Dessutan kjem eg ikkje til å ha så mykje
kontakt med andre på min alder utanom når ettåringane samlast.
Når Ingvild får spørsmål om kvifor ho ville ta eit år i utlandet er
svara mange.
- Å ta eit år i Afrika er noko eg har tenkt på sidan eg var lita. Det er
spanande og ein får møte andre kulturar og bli kjend med folk som lever
på andre vilkår enn oss. Dessutan får eg kome nærare misjonær-kvardagen.
Eg har og eit stort ønske om å kunne hjelpe til i det misjonerade
arbeidet som blir drive. Så veit eg heller ikkje kva eg skal studere, så
det er no eg har sjansen til dette her! Eg kjem sikkert til å lære masse
og få eit anna perspektiv på ting.
Men kvifor falt valet på Etiopia? spør me.
- Valet fall eigentleg ikkje på Etiopia, fortel Ingvild Ølfarnes.
Eigentleg hadde eg sett opp Kenya som førsteval, men grunna uroen der
nede skal dei ikkje ha eittåring der i år. Difor spurde dei meg om eg
var open for noko anna. Det var eg. Då eg fekk vite at eg hadde fått
eittåringsstillinga, fekk eg ikkje vite kvar eg var plassert. Når eg så
fekk vite at det var Etiopia, syntes eg det var veldig spanande. Eg var
5 veker i Etiopia med klassen i mars, så alt er ikkje ukjent. Det gjer
det litt tryggare og kjekkare, Etiopia ga absolutt meirsmak! I tilegg
har Etiopia alltid vore litt spesielt heime hos oss fordi mamma og pappa
var misjonærar der då eg var lita, fortel den
vesle misjonærspira.
No i august reiser Ingvild avgårde til Afrika.
Men gleder ho seg? - Ja, svarer ho, men eg er spent og! Eg veit ikkje
kva som vil møte meg. Det blir utfordrande, men eg gleder meg! Eg skal
prøve å sende nokre oppdateringar, men det
kan vere dårleg med internett nokre stader, men eg skal prøve.
Vi ynskjer Ingvild lukke til og alt vel på reisa og opphaldet i Etiopia.