Oppdatert/endra
19.06.2008



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside    
 


Hobbyklubben på Valen


Primus motorar for Hobbyklubben gjennom mange år,
Inger Marie Saltnes og Agnes Sætre, gir no stafett-pinnen vidare til andre.

Rundt 1970 starta gartnar Kåre Tveit opp med kristne barnesamlingar i heimen sin på Valen. Her møttest born til hobbyaktivitetar, song og andakt. I 1973 hadde tannlege Yngve Haugstvedt sivilteneste ved kyrkjekontoret. Han tok initiativet til at samlingane fekk namnet ”Hobbyklubben” og vart flytta til forsamlingshuset på Valen. Seinare, då Valen kapell stod ferdig hausten 1978, flytta Hobbyklubben samlingane sine til den nye kyrkja.

Det har vore mange voksne, m.a. mange foreldre, som har hjelpt til på klubben. Men born som har vakse opp på Valen dei siste tretti åra, vil nok særleg sjå for seg dei to damene øverst på sida her når dei tenkjer på Hobbyklubben.

Inger Marie Saltnes (70) tok til i 1976 medan Agnes Sætre (75) vart med eit par år seinare. Heilt fram til i vår har dei hatt hovudansvaret for klubben som har samlingar for 5-9-åringar annakvar tirsdag kl 18-19. Ettersom Inger Marie hadde pause eit par år, reknar dei som så at begge har halde på i ca 30 år.

Dei vil ikkje ha så mykje snakk om seg sjølv, dei to damene som no takkar for seg. Men borna i hobbyklubben ynskjer dei å lyfta fram!
- Borna har vore kjekke og greie å vera saman med. Det har gitt oss mykje å få gi vidare av det me synes er viktig i våre eigne liv, seier Inger Marie. På samlingane synes dei det er viktig at borna blir ynskt velkommen med eit smil, og at dei blir lagt merke til.
- Me samlast i ein ring ved eit bilete i kyrkja, der Tor Lakselv har illustrert “Lat småborna koma til meg!” Her i ringen får alle borna presentere seg og så syng me “Vi tar kvarandres hender.” Me syng mykje på samlingane, og Inger Marie har hatt ansvaret for bibelforteljinga så og seie kvar gong, fortel Agnes.

Inger Marie påpeiker at det har vore utfordrande og givande på ein gong.
- Eg har hatt god hjelp av å bruke 4- og 6-års-bøkene som borna får i kyrkja. Det har vore med på å skape nysgjerrighet og interresse både på samlingane og når dei har kome heim. Og så har me ofte brukt flanellografen. Borna fylgjer så godt med etterkvart som bileta kjem opp på tavla.

Ein hobbyklubb må jo sjølvsagt og driva med hobby-aktivitetar.
- Det har vore utfordrande å heile tida koma på nye ting å laga. Det skal vera enkelt nok, utfordrande nok,
og helst verta ferdig slik at dei kan ta det med seg heim same kvelden.
- Før måtte me nytta enkle ting som dorullar, knappar og eggekartongar. Dei siste åra har økonomien vore så god
at me har kunna skaffe ulike halvfabrikata som borna har snekra saman.
Dei to ynskjer å framheve den innsatsen særleg Alf-Jarle Langeland har gjort i forarbeidet med hobbyaktivitetane.

- Når me no sluttar som leiarar i Hobbyklubben, skal det verta godt å sleppe all planlegging og førebuing av aktivitetar. Men me har og ein tanke om at det vil vera godt å kunna sleppe nye krefter til. Yngre folk med nye impulsar kan driva arbeidet vidare på ein ny måte.

- Så håpar me sjølvsagt at det som er sått, ein dag skal bera frukt, avsluttar Agnes.

JoF

 

 

 

 

 

 

Foto:
Anne Cathrin Handeland

 

 

Hit Counter