16. mai-arrangement for ungdom
Aktivitetar og grilling på Husnes bedehus
Nattcaféen på Husnes bedehus om fredagskveldane har dei siste åra samla
bra med folk. Kvar fredag
(så å seie) kan ein koma saman til KRIK-samling i gymsalen, for deretter
å ta turen opp på bedehuset
for å få med seg café, biljard, bordtennis, ein god prat, andakt og
song.
No er det 16. mai som står for tur, og Husnes IUF inviterer nok ein
gong til rusfritt arrangement for ungdom frå 8. klasse og oppover. Dette
tradisjonelle ”kvelden-før-dagen”-arrangementet var tidlegare i kyrkja
på Valen, men dei siste åra har me halde til på Husnes bedehus.
Kvelden startar med ein del artige aktivitetar utandørs; Klarar du å
velta kubbane til laget på andre sida i kubbaspelet? Klarar du å treffe
ballongen med pila, slik at du finn ut om du har vunne twist? Kven
brukar færrast slag på å få spikeren ned i planken? Dette, og mykje
meir, får du svar på dersom du tek turen til Husnes bedehus om kvelden
16. mai. Inne kan du m.a. spela bilspel på Playstation. Expert Husnes
gjorde det for ei tid tilbake mogeleg for oss å skaffe to sett med
Playseat, ratt og pedalar, slik at to stykk kan konkurrera mot
kvarandre. Dette er kjempe-artig! Du kan og prøva deg på biljard og
bordtennis.
Etter ei stund med heseblesande og forhåpentlegvis morsomme aktivitetar,
er grillmeistrane klare med kotelettar og hamburgerar som dei legg ut
for salg. Salat, brus og sjokolade står og på menyen. Under matøkta har
me god tid til å prata med kvarandre.
Utpå kvelden dreg me i gong ein program-del innomhus, der det m.a. vert
andakt ved Ove Tvedt.
Dette skal bli ein feiande flott kveld! Går du i 8. klasse, eller er
eldre, er det berre å ta med seg nokre tiarar
til mat og aktivitetar, møt opp og bli med denne kvelden-før-dagen på
Husnes bedehus!
JoF
Her kan du sjå bilete frå
korleis me hadde det i fjor!