Måndag 5. mai var det sommaravslutning for SVUSH. Då var me mange som
fylte opp Husnes Bedehus. Ja, nærare 70 personar hadde møtt fram i det
fine vår-været.
SVUSH hadde ein minikonsert med songane dei hadde lært i år. Dei song
godt i, og var kjempeflinke! Ingrid Marie Hellås hadde ein andakt om den
bortkomne son. Og så var det utlodning. Det var mange fine premiar og
mange som var heldige vant. Men andre var ikkje like heldige... Etterpå
var det grilling ute. Då var det pølser, saft og kaffi! Alle fekk eta
seg mette :)Velkommen på SVUSH til hausten
igjen!