|
Søndag 27. april inviterte Holmedal kvardagsskule,
saman med kvardagsskulen og Ving på Sandvoll og Husnes søndagsskule, til
avslutningstur i Tveitedalen. På programmet stod både sporløp, grilling,
song, andakt og leik.
"Kor langt er dette tauet?", "Et ein sur sinnatagg utan å lage grimasar!",
"Kva er grønt og heng i trea i Afrika?"
Spørsmåla og oppgåvene var mange under sporløpet som stod først på
programmet denne dagen. Merkeleg nok var det ingen av dei ca 70
frammøtte som klarte å finna ut at det grøne som heng i trea i Afrika
var giraffen sitt snørr... Ikkje ein gong eldste deltakar i sporløpet,
Olea på snart 92 år, kunne med all si livserfaring gjera greie for dette
spørsmålet. Yngste deltakar, Jardar på vél 2 mnd, brydde seg fint lite
om kva som heng i trea i Afrika.
Etterkvart som dei 8 laga kom tilbake
frå turen på litt over 1 km, var det tid for å finne fram grillmat og
drikke.
Grillane stod klare og kvar ordna med mat til seg og sine. Ein kunne og
nytte tida til å kjøpe lodd til inntekt for Brandøy, ein av leirplassane
til Indremisjonssamskipnaden.
Me hadde Ragnhild Nesse frå Indremisjonssamskipnaden på besøk denne
dagen. Ho drog i gong nokre ringleikar med barna. Det var godt å springe
seg litt varme etter å ha sete ei stund i ro.
Ragnhild kan meir enn å leike. Då me
samlast inne i IL Ternen sitt klubbhus, Ternebu, starta ho med eit lite
trylleshow for oss. Ho fekk og med seg ein annan tryllekunstnar. Saman
viste dei fleire flotte triks, men me forstod jo alle at trylling berre
er juks og lureri. Nettopp det er heilt annleis enn det me skal høyra om
frå Bibelen i dag, sa Ragnhild Nesse då ho tok til med andakten. Så
fortalde ho om Peter og Johannes som ein dag for ca 2000 år sidan fekk
vera med på å helbreda ein sjuk mann. Dette var ikkje juks og fanteri -
det var Jesus som gjorde eit under.
I løpet av samlinga fekk me vite kven
som hadde vunne sporløpet, og det var trekking av gevinstane på
lotteriet.
På Ternebu fekk me med oss ei overrasking heilt mot slutten; Ei av dei
som var med og arrangerte avslutningsturen hadde dagen i forvegen feira
40-års dagen sin her på Ternebu. Nå fekk alle vera med og hjelpe til med
å ete opp det som var igjen av kaker og godsaker.
Kvardagsskulane på Sandvoll og Utåker, og søndagsskulen på Husnes, tek
no sommarferie. Men til hausten satsar ein på nye samlingar der borna
kan koma saman og læra meir om Jesus, og bli kjend med han.
JoF
|
Åtte lag var med i sporløpet innover Tveitedalen På ein av postane skulle ein skrive svara med bokstav-kjeks Eit av laga har funne ein post i vegkanten Kor langt kan dette tauet vera då, tru? Å balansera medan ein kikkar feil retning gjennom ein kikkert er ikkje berre berre... Alle som ville fekk prøve å komme seg over Det gjeld å holde tunga rett i munnen Mange var ute og leita etter postar Olea, snart 92 år, engasjerte seg i sporløpet Det var ein flott tur både for store og små Kva skal me skriva med bokstav-kjeksa då? Jardar, vél 2 mnd, sov seg gjennom sporløpet Det smaka godt med ny-grilla pølse Etter sporløp og grilling var det tid for ringleikar Det var godt å få varmen i seg Ragnhild Nesse som tryllekunstnar Mot slutten vanka det kaker og kaffi på alle
Åtte lag var med i sporløpet innover Tveitedalen
|