Oppdatert/endra
22.04.2008



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside    
Sjå fleire bilder og les meir om SVUSH på
www.SVUSH.blogspot.com

Søndagssamling med mini-konsert


Søndag 20. april var det mange folk samla til søndagssamling på bedehuset på Husnes. Ca tre gonger i halvåret går indremisjonsforeningane i Husnes og Holmedal sokn saman om å arrangera desse familiesamlingane. Denne gongen var det annonsert med mini-konsert av SVUSH Barnegospel.

Samlinga starta med ein artig variant av eventyret "Peter og ulven". Tre stykk som påstod dei var ein omreisande teater-trupp dramatiaserte eventyret på ein levande måte. Etter at me var ynskt velkommen av Ingrid Marie Hellås som leia samlinga, song me "Her er det plass for alle".

SVUSH Barnegospel har ikkje plass for alle... Der må ein nemleg vera 4 år for å vera med.
:-)
Denne våren har det vore bra frammøte på øvingane, og i underkant av 20 songarar stilte opp i nye SVUSH-T-skjorter denne kvelden. Mini-konserten bestod av i alt 8 songar. Det sprudla av liv i barnekoret, sjølv om leiarane påstår det er meir lyd i dei når dei syng på øvingane.
 

Innimellom songane av barnekoret, fekk me høyra song og andakt av Ragnhild Nesse frå Indremisjons-samskipnaden. Ho fortalde om Marta og Maria i Bibelen, og fekk hjelp av to av jentene i SVUSH for å vise fortellinga.

Søndagssamlingane pleier slutte med kvelds inne i matsalen på bedehuset. Denne kvelden vart det diska opp med boller, saft og kaffi.

JoF
 

Les og: Feiende flott Familiekonsert i Kulturhuset
            Sprell levande gudsteneste!
           
Søndagssamling for heile familien
 

Ta gjerne ein tur innom
www.SVUSH.blogspot.com

 

 

 

Hit Counter