Oppdatert/endra
22.04.2008



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside    
 

Slepp kvinnene fri – det er vår!

Kva i all verda er dette for ei overskrift? Jau, ho er sjølvsagt skriven i von om å fanga merksemd. Fyrstkomande torsdag kveld ser eg for meg "eit tog" av muntre kvinner – med vår i blikket, senka skuldre, svoltne og med kjappe fot-trinn – på veg til Kvinneforum i Valen kyrkje! Då kjem Marit Skaar Skogesal (bilete) attende, fem år etter at ho slutta som prest her hos oss. I dag er ho sokneprest i Asker.


Torsdag skal ho halde føredrag over temaet; Kvinner i Bibelen – kven var dei og kva dreiv dei?
Me gler oss til å møta Marit att, og høyra henne fortelja om kvinner i Bibelen. Det skal bli interessant å få vera med på ei reise attende i historia. Det meste av det som er nedteikna skriftleg gjennom tidene har vore gjort på menn sine premissar. Me må ta vare på, og halda opp og fram det som trass alt fins av kvinnehistorie i bibelske tekstar. Det handlar om vår identitet, og kanskje om å styrka vår stolthet over å vere kvinner? Er det mogleg å dra trådar mellom kvinnene i Bibelen og kvinner av i dag?

Kvinneforum
Liv Slettemark


Les også:
Avskjedsgudsteneste for Marit Skaar Skogesal (Sommaren 2003)
Kvinne med glede (Hausten 2005)

 

 

 

Hit Counter