Dei siste åra har konfirmantane i Husnes og Holmedal
sokn reist til leirstaden Brandøy på konfirmant-weekend. For nokre av
konfirmantane har desse turane vore sjølve høgdepunktet i
konfirmant-opplegget. Då me var på weekend no i februar, kunne
konfirmantane nyte godt av ein stor aktivitetshall dei har bygd på
Brandøy.
Konfirmantane våre viste at dei verkeleg sette
pris på dette tilbodet. Det var full aktivitet frå morgon til kveld.
Me kunne arrangera innebandy-cup og driva med andre ball-aktivitetar.
Indremisjonssamskipnaden, som eig og driv Brandøy, har lenge hatt eit
ynskje om å få bygd ein slik aktivitetshall. Hausten 2007 tok arbeidet
til, og hallen kunne takast i bruk ved nyttår. Bygget er finansiert
gjennom ulike lån og innsamla midlar.
Dei neste søndagane er det konfirmasjon i kyrkjene våre, og Husnes og
Holmedal sokneråd ynskjer å visa at ein set pris på dette nybygget som
er reist på Brandøy. Soknerådet har gjort eit vedtak om at takkofferet
som vert samla inn på alle konfirmasjons-gudstenestene dette året, ikkje
skal gå til kyrkjelydsarbeidet slik som er vanleg, men pengane vert
sendt til Brandøy.
Me håpar at alle som kjem på gudsteneste desse søndagane vil vera med på
å gi ei gåve i takksemd for det leirstaden har betydd, og betyr, for
konfirmantane våre! Formann i Brandøy-styret, Per Kjerpeseth frå Sunde,
opplyser at det er mykje som skal gjerast på uteområdet på Brandøy no
når det vårast. Dei er difor svært takknemlege dersom det skulle vera
nokon som kan tenke seg å ta ein tur bortom og utføre litt
dugnads-arbeid. Dugnad er sosialt og også ein flott måte å få gi ei
takknemlighetsgåve på.
Dette året vedtok Husnes og Holmedal sokneråd at
takkoffera på konfirmasjons-dagane skulle gå til
Brandøy. Vi brukar Brandøy til weekend for konfirmantane, og
det er flott med den nye
aktivitetshallen som vi fekk glede av då vi var der i
februar. Til saman kom det inn kr. 15.366,-. Takk til
alle som har vore med å bidra til gåva til Brandøy!
Jan Ove Totland Sokneprest i Husnes og Holmedal sokn