Oppdatert/endra
16.04.2008



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside    
 

Salgsutstilling for Kirkens Nødhjelp


Tirsdag kveld inviterte kvardagsskulen på Utåker til Salgsutstilling i Holmedal bedehus. Borna som samlast annakvar tirsdag på bedehuset hadde laga flotte kunstverk som var til salgs for dei som hadde møtt fram. Inntekta gjekk til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon.

Kvardagsskule er omlag det same som søndagsskule, berre at me har samlingar midt i veka. Dette fortél leiarane i kvardagsskulen, Jorunn Frøyland og Olaug S. Fagerheim. Nokre gonger i løpet av året inviterer me foreldre og besteforeldre, og andre som har lyst, med på samlingane våre. Det er kjekt for borna å vise ting dei har laga, og litt av kva me pleier å gjera på samlingane våre.

Det gjekk unna på både kunstverk og lodd denne kvelden. Leiarane er svært nøgde med at dei etter denne kvelden kan senda avgårde kr 1200,- til Kirkens Nødhjelp. Pengar som kan kome til nytte for mennesker som ikkje har det så godt som oss. På Salgsutstillinga fekk me m.a. sjå ein video som viste oss litt om kva forhold andre born lever under. Ingrid Marie Hellås hadde andakt der ho fortalde om ein av dei gongene Jesus viste seg for læresveinane etter at han hadde stått opp frå dei døde. Både små og store fulgte godt med.

Mot slutten av samlinga vart det servert gode rundstykker og frokost-brød. Mange syntes det var praktisk å ta kveldsmaten på denne måten.

Leiarane på kvardagsskulen ynskjer å takka alle som møtte fram denne ettermiddagen. Sise søndagen i april inviterer dei til Sommaravslutning i Tveitedalen. Då vert det grilling, sporløp, utlodning og anna moro. Ragnhild Nesse frå Indremisjonssamskipnaden kjem og har andakt. Sommaravslutninga er eit samarbeid mellom Holmedal indremisjon, Holmedal kvardagsskule, Sandvoll Ving og kvardagsskule og Husnes søndagsskule.

Les og: Barnekunst vert til hjelp for barn i Russland

JoF


 

.

Jorunn og nokre av borna på kvardagsskulen song for oss

 

 

 

Hit Counter