Oppdatert/endra
26.03.2008



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside    
 

Ein takksam og audmjuk prisvinnar


Dei siste åra har det blitt ein tradisjon at prosten i Sunnhordland inviterer til nyttårsmottaking i Nysæter kyrkje på Stord. Så også i år. Tema for årets samling var diakonalt arbeid. Marta Kroka frå Kaldestad var beden om å ha eit innlegg for å dela ulike erfaringar frå det kristne arbeidet blant innvandrarar på Husnes.

Marta fekk ha innlegget sitt, men det skulle likevel visa seg at det heile var ein godt kamuflert dekkoperasjon frå prosten si side; Under mottakinga fekk nemleg Marta tildelt Sunnhordland prosti sin Frivilligpris for 2007.

Marta kjem frå Skånevik men har budd i Husnes-området sidan 1972. I 1984 flytta familien til Kaldestad, der dei har fostra opp seks born. I dag har Marta og Lars 10 barneborn.
 

Eg møter Marta i heimen deira på Kaldestad. Ho viser glad fram både diplom og eit bilete som var ein del av prisen. Diplomet, med grunngjevinga for prisen, er laga av Per Flatøy, bilete for 2007 er laga av Marit Isaksen Espedalen. Kunstnaren skriv sjølv at bilete er inspirert av salmen "Noen må våke i verdens natt", der det m.a. heiter: "Noen må kjempe for andres rett."

- Eg er overraska og glad for prisen. Samtidig veit eg at det er så mange andre som hadde fortent den like mykje som meg.


Frivilligprisen vart oppretta av Sunnhordland prosti i 2003 for å stimulera frivillige medarbeidarar.
Kriterium for å kunna få prisen er trufast teneste eller kreativ nyskaping.

- Det er vel det at eg har fått vore med i det frivillege arbeidet over lang tid som gjer at eg fekk den.
Eg synes ikkje eg har gjort noko som er så veldig spesielt,
seier Marta.

Som nygifte budde Marta og Lars eit par år i Ølen. Det var her Marta for første gong vart med som søndagsskuleleiar. Heime i Skånevik hadde ho vore med som hjelpeleiar m.a. på yngres sidan konfirma-sjonsalderen. Då dei kom til Husnes i 1972 var ein godt i gong med planar for bygging av bedehuset på Husnes.
Men kyrkjelyden sitt barnearbeid hadde samlingar på Undarheim gamle og nye skule.

- Eg vart med i søndagsskulen og leiar i Jente-klubben (3. kl og oppover), og seinare i Knøttene og Lilleputtene (3-9 år).
Bedehuset stod ferdig i 1976 og Marta har vore med i styret heilt sidan starten. Ho har ansvaret for reinhaldet og utleige av huset. I dag er ho nestleiar i styret for Husnes indremisjon. Marta hadde og ei 40 %-stillig ved kyrkjekontoret i ein periode over fem år.

- Eg er takknemleg for det eg har fått vera med på, og alle som eg har fått bli kjent med.

Dei siste åra har Marta, saman med fleire andre i Husnes-området, engasjert seg i arbeidet blant våre nye landsmenn. Marta er med i misjonsforeininga Galim. Her har mange innvandrarar funne eit godt fellesskap å ta del i.

- I dag er eg så privligert at eg får vera "reserve-bestemor" for to innvandrar-born!

- Som kristen ynskjer eg å få vera med på å gi vidare av det beste eg har fått!
"Om eg er liten eller stor, så er det best for meg på jord, å høyra Jesus til..."

Eg må og få nemna at det hadde vore umulig å vore med på dette,
hadde det ikkje vore for at Lars tok over heime.

Marta syntes og det var kjekt å oppleva at dagen etter prisutdelinga
dukka det opp ei blomehelsing frå kommunen v/ ordføraren.


JoF

 

 

 

Hit Counter