
|
Human-etikaren
som vart prest
Denne veka har me fått ein ny
medarbeidar på kyrkjekontoret på Husnes. May Ingunn Thorleifsdotter skal
vera 5 veker i stiftspraksis i Husnes og Holmedal sokn. Ho går inn som
vikar for Torstein Aarthun som har eitt års permisjon.
May Ingunn (snart 26) har vakse opp midt i Stavanger. Neste sommar
er ho ferdig utdanna prest ved Menighetsfakultetet. I løpet av
utdanninga har dei tre periodar med praksis; 4 veker i ein kyrkjelyd,
4 veker ved ein institusjon og 5 veker stiftspraksis. Alt etter korleis
behovet er rundt i kyrkjelydane, vert studentane plassert ut på ulike
praksisplassar.
- Eg hadde ikkje noko særleg kjennskap til kommunen her frå før. Ikkje
anna enn at mor mi har vore i Baroniet i Rosendal og vart svært
fascinert av det. Men eg synes det berre er ekstra spennande å komme til
ein plass der eg ikkje kjenner nokon frå før.
Desse vekene skal May Ingunn bu på Husnes i kjellaren til
soknepresten vår, Jan Ove Totland. |
|
- Kva oppgåver kjem du til å ha medan du er her?
- Det vert ulike presteoppgåver som vanlege gudstenester, gravferder,
sørgesamtalar og dåpssamtalar.
Og så skal eg vera litt med den gruppa av konfirmantane som skal øva på
musikal. Det vert og ein tur innom Skulelaget på ungdomsskulen, KRIK og
Nattcaféen.
- Kva tid fann du ut at du ynskte å verta prest?
- Då eg byrja å studere i 2002 var det først og fremst med tanke på å
verta lærar. For vél 2 år sidan heldt eg på med ein Mastergrad i
kristendom. Under arbeidet med denne kjende eg på at eg kunne tenke meg
å drive meir med forkynning enn det eg kunne gjort som lærar.
May Ingunn fortel at ho m.a. etter samtalar med ein studentprest, og
etter å ha undersøkt litt nærare, fann ut at det var prest ho ville bli.
Studiene vidare, og vekene i praksis, har overgått all forventning. Ho
har tidlegare hatt praksis i Oslo domkyrkje, og institusjons-praksisen
hadde ho i eit fengsel. Gjennom denne praksisen har ho fått testa ut
mykje av den kunnskapen ho allereie sat inne med.
- Eg har fått oppleva litt av kor fint det kan vera å vera prest, og
på mange måtar fått ei bekrefting på at det var eit rett vegval eg
gjorde, at det er dette Gud vil eg skal gjera. Det er flott å få driva
med forkynning i ulike samanhengar. Eg var svært nervøs for korleis det
ville vera å delta i gravferder, men har opplevd det flott å få vera til
hjelp for dei sørgande.
Det var ingen sjølvsagt ting for May Ingunn at livet hennar skulle ta
denne retninga. Fram til ho var ca 20 år gamal var ho nemleg
human-etikar.
– Eg hadde eit relativt negativt inntrykk av dei kristne og
kristendommen generelt. Trudde vel at eg visste kva det heile gjekk ut
på. Men eg hadde stor interesse for religion, og tok KRL grunnfag. Då
måtte eg jo lesa ein del i Bibelen. Eg oppdaga at ting var ikkje heilt
slik eg hadde tenkt før. Gjennom Bibel-lesinga oppdaga eg meir av kva
kristendommen gjekk ut på. I Bibelen møtte eg Jesus, og etterkvart fekk
eg eit ynske om å fortelja vidare om han til andre.
Neste sommar er student-tilværet over for den blide Stavanger-jenta
som tross etternamnet Thorleifsdotter ikkje har noko røter til Island.
- Etternamnet mitt var egentleg Olsen, men det syntes eg var veldig
kjedeleg. Så då eg var gamal nok til å få bestemme det sjølv, valde eg
dette etternamnet. Far min syntes det var stor stas.
På spørsmål om kva preste-teneste ho ser for seg i
framtida, kjem det nokså spontant at ho ikkje har noko særleg behov for
å vera prest i ein by.
– Eg trur eg vil trivast meir som prest ute på landet, litt i
utkanten, på ein mindre plass. Då ser eg for meg at det blir meir
personleg kontakt med kyrkjelyden enn det er mulig å få til i ein stor
by. I så måte synes eg Husnes og Holmedal sokn var ein svært grei plass
å få som praksisplass.
Me vil få ynske May Ingunn lykke til med praksis-vekene, og oppmodar
dykk alle til å ta vél imot ho når de møter henne i kyrkja eller andre
stader.
JoF
|