|
Det har etterkvart blitt ein tradisjon at Ope Hus og Husnes IUF (KRIK og
Nattcafé) har lagt Indre-misjonssamskipnaden sin Skiweekend på Helgatun
inn i semesterprogrammet sitt. For kvart år har det stadig auka med antal deltakarar frå Kvinnherad. Dette året var så mange som 40 av 70
deltakarar frå kommunen vår!
Elles var det ungdommar frå Stord, Bømlo, Kvam og Voss på leiren.
Me hadde eigen
buss frå Husnes og kom fram til Helgatun i 8-tida fredag kveld. Det var
flott for oss frå låglandet å komme opp til all snøen. Etter kvelds og
romfordeling var det klart for bli-kjent-samling med både underhaldning,
song og andakt.
Like etter frokost laurdag morgon
hadde Bjarte Aarland ei flott Bibelsamling for oss, før me var klare for
å gå i skibakken. Det kan fort bli ein del knall og fall i eit skitrekk,
og nokre av våre ungdommar pådrog seg nokre skadar. Ei jente braut armen
medan to gutar skada seg i henholdsvis kneet og begge armane.
Etter ein tur til Voss på legevakten greidde dei heldigvis å vera med
oss resten av helga.
Då me hadde ete middag laurdag kveld var det mange som ville ut i snøen
og herje igjen.
Vidare utover kvelden vart det leirfest med leik og moro, song, andakt
og delestund. Søndag
morgon fekk me høyra vidare om Paulus då Bjarte hadde si andre
Bibelsamling for oss.
Han hadde ein flott måte å formidle budskapet i Bibelen på til
ungdommane. Etter ei god økt i skibakken, utan dei store skadane, var
det tid for middag og heimreis.
JoF |