Oppdatert/endra
20.02.2008



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside    
 
          >>>>>>>    Bilete frå Konfirmantweekend
Årets Konfirmantweekend!
 

15.-17. februar var det Konfirmantweekend på Brandøy!


Konfirmantar frå Husnes og Holmedal sokn var i helga på Brandøy. Fredag vart det i alt innkvartert 61 konfirmantar og 14 leiarar, som såg fram til ei flott helg på leiren.

Ein skyssbåt frå Utåker frakta konfirmantane i rekordfart til Brandøy. Aldri før har reiseruta til leiren vore så rask, om me samanliknar med tidlegare års rutebåt- og busserfaringar. Ungdommane hadde difor god tid før første samling til å utføra nokre av favorittaktivitetane sine, som å springa i gongane, slå med dørene og flørta, og elles gjer seg kjend med leirområdet.

Laurdag føremiddag vart i stor grad brukt til å prøvesmaka på musikalen konfirmantane skal framføra sundag 6. april. Etterpå freista kokken på leiren med bål og pølsegrilling utomhus. Trass i at primstaven stadig syner oss at det er vinter og nedbør som var nær ved sludd, kosa ungdommane seg ute. Nokre lurte seg til og med unna for å hoppa i sjøen, og ta årets første bad.

– D-d-d-da va ikkje kaldt, ropte Sebjørn Røssland når han kom opp igjen. Straks etterpå var han nydusja og klar til å bedåra jentene med dagens heltedåd.

Etter mat fekk ungdommane høve til å delta i ulike aktivitetar. Den allsidige kokken hadde gjort klart klatreutstyr nedanfor leiren, og det var på tide med kassestabling. Inne i den flotte aktivitetshallen Brandøy nettopp har fått seg, vart det arrangert ein mini-cup i innebandy, der «Kongelaget» stakk av med sigaren.

Nydusja og klare fekk konfirmantane høyra om fasteasksjonen Kirkens Nødhjelp arrangerer i år, Fra drøm til virklighet. 11. mars skal konfirmantane hjelpa til med å samla inn pengar til aksjonen, som i år skal hjelpa menneske som står i skuggen av krig og terror.

Så var det klar for helgas store happening: konfirmantfesten. Etter eit klassisk taco-måltid var det tid for underhaldning, der både leiarar og konfirmantar deltok. Ein ny variant av stol-leiken, etterlikning av realityshow og eit utal sketsjar var berre nokre av postane på programmet. Og det såg ut til at dei fleste mora seg.

Ikkje fullt så mykje mora dei seg neste morgon. Seint i seng og opp att 08:30 for å nå frukost er ikkje kvardagskost. Frukost og gudsteneste, så var det på tide å reise heim. Det var mange trøtte ansikt rundt om på Brandøy medan dei venta på at båten skulle komma, og endå trøttare var dei når dei fekk komma om bord på båten.

– Det har vore ei utruleg kjekk helg! Det er så samansveisande å reisa på weekend på denne måten her, og fleire ungdommar har gjeve tilbakemeldingar på at dei har hatt dei mykje kjekkare enn dei trudde dei skulle ha det, seier Jan Ove Fagerheim.

– Også må eg få takka leiarane som var med og gjorde det mogeleg at det kunne arrangerast ein weekend som dette, og ei spesiell takk til dei yngste leiarane, som gjekk inn i og tok ansvar i dei ulike leiaroppgåvene.

Joakim Espevik
 

 

 

Hit Counter