Oppdatert/endra
20.02.2008



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside    
 
Eit lite tilbakeblikk...
Julevandring med barnehagane
 

Også i forkant av fjorårets jul fekk alle barnehagane i prestegjeldet invitasjon til å vera med på ei heilt spesiell Julevandring i kyrkja. Borna og dei vaksne møtte i sakristiet, der dei fekk møta keisar Augustus (Jan-Ove Fagerheim). Han ville finna ut kor mange folk som budde i riket hans, og lyste ut manntal. Alle som var komne på besøk vart ført opp i den store manntalsboka.

Keisaren ville ha alle med på ei vandring mot Betlehem - ei pilgrimsvandring. Han peika ut tre born som fekk vera dei tre vise menn. Me gjekk ut og rundt kyrkja og fram til hovuddøra. Her møtte engelen Gabriel (Torstein Aarthun) oss med eit: «Vær ikkje redde!» Engelen peika ut nokre born som fekk vera englar saman med han.

Vidare bar det inn i sjølve kyrkja, der me kom til nokre sauer og eit bål. Gjetarar vart peika ut, og englane kom med bodet om ei stor glede. Framme ved altarringen fekk to av borna vera Josef og Maria, og ein av dei vaksne i barnehagen fekk rolla som verten i herberget.

Josef, Maria og Jesus-babyen vart plassert innafor altar-ringen, og me samla oss om forteljinga i Bibel-boka;
Juleevangeliet om då Jesus vart fødd.

Takk til alle som kom og vart med, og gav oss som stod for Julevandringa ei fantastisk flott oppleving!

JoF
 

Nokre bilete frå vandringa med eine gruppa frå Undarheim barnehage Jula 2007:
.

Pilgrimstoget har gått rundt kyrkja og me bankar på dei store dørene...

 

 

Hit Counter