Eit lite tilbakeblikk... Julekonsert i Husnes kyrkje
Tradisjon tru fyltes kyrkja til julekonsert søndag 16.
desember i fjor. Vi fekk høyre korpsmusikk
frå skulekorps og musikklag, og Blandakoret og Mannskoret bidrog
med korsong. Julekonserten ga oss den gode julestemninga, og vi fekk
hjelpa vi treng for å «puste på ei stund» og tenke over jula sitt
eigentlege innhald. Torstein Aarthun hadde andakt, og avslutningsvis
song og spelte Ailin Sanden og Trond Betten ei sjølvkomponert, vakker
julevise. Kantor Peter Couzens briljerte på orgelet med postludiet sitt.
Det er godt med alle dei gode sang- og musikk kreftene som finnes
i soknet, og ekstra kjekt at dei ynskjer å bidra på
kyrkja sin julekonsert. Det er vi takknemlege for!
TSMH
Nokre bilete frå
Julekonserten i Husnes kyrkje 16. desember 2007: