Oppdatert/endra
22.01.2008



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside    
 
Eit lite tilbakeblikk...
Julebord på Nattcaféen
 

Fredag 7. desember var det klart for juleavslutning på Nattcaféen på Husnes bedehus. I mange år har me hatt ei tradisjonell avslutning med graut og ungdommar som ivrig har leita etter ei mandel me har putta oppi. Dette året ville me gjera litt meir ut av det.

Me inviterte til Julebord med pinne-kjøt på menyen. Til dessert vart det servert is med bjørnebær. 35 ungdommar melde seg på, og det vart ein kjempeflott kveld. Torstein Aarthun hadde full kontroll på kjøkkenet, medan tre vaksenhjelper var med og serverte. Ailin Sanden las juleevangeliet og song to songar for oss, Tom André Olsen hadde ein flott andakt og Jan-Ove Fagerheim leia festen.

Ungdommane hadde funne fram finstasen, med flotte kjolar, dress og slips. Etter middagen hadde me ein del leikar og konkurransar, før kvelden vart avslutta rundt eit lys-kors inne i matsalen. Her kunne ungdommane tenne eit lys som ei bøn for nokon dei tenkte på, eller dei kunne skrive bønelappar og putte oppi ei krukke.

Takk til alle ungdommane for nok eit flott år på KRIK og Nattcafé.

JoF
 

Nokre bilete frå Nattcaféen sitt Julebord 7. desember 2007:
.

 

 

Hit Counter