Oppdatert/endra
22.01.2008



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside    
 
Saman i lovsong i Valen kyrkje
lørdag 10. november
 
Harald Myklebust "4joy" frå Odda


Harald Myklebust frå NLA lærerhøgskulen på Breistein i Åsane gjorde lørdag ettermiddag og den annonserte lovsongssamlinga i Valen kyrkje til noko heilt spesielt. Vi fekk innblikk i livet og diktinga
til ein forfattar som hadde eit tøft utgangspunkt for livet då han vart fødd for 150 år sidan.


Temaet til Myklebust var «Per Sivles liv mellom tru og tvil». Sivle er ikkje akkurat den mannen vi høyrer mest om i kyrkjene våre, sjølv om vi alle kjenner songen, «Den fyrste song eg høyra fekk». I løpet av sitt korte, vanskelege liv opplevde han mange og store nederlag der barnetrua og etterkvart også vaksentrua vart prøvd. Fasinerande var det også å høyre om forholdet og fortrulegheita mellom Anders Hovden og Per Sivle. Allsongen lydde godt i kyrkja, så det var tydeleg at forsamlinga på omtrent 70 treivst.

Frå Odda hadde vi også kjært besøk av songgruppa «4joy» og Ove I. B. Danielsen. Dei bidro med vakre songar i innleiinga, og Ove song solo avslutningsvis. Det var godt å merke Guds Ande som sydde det i utgangspunktet litt sprikande programmet saman til eit naturleg heile. Då Ove song og spelte til slutt «Vakreste navn som er uttalt på jord: Jesus, Jesus...» og «Namnet Jesus», vart vi alle grepen av den personlege tolkinga. Det levde livet til Per Sivle viser oss at livet for mange er ei stor og krevande oppgåve, og difor er det godt å kunne formidle i kyrkja vår at Jesus er med oss midt i livet. Han er verdig all vår lovsong, også når det stormar som verst.

TSMH
 

 

Hit Counter