På grunn av for få påmeldingar må vi dessverre utsetje
korseminaret med Harald Myklebust i Valen kyrkje som skulle vere no i
november. Vi vil likevel ynskje alle hjarteleg velkomne til «Saman i
lovsong» laurdag ettermiddag i Valen kyrkje, der Harald Myklebust blir
med som engasjerande allsongleiar og inspirerande kåsør.
Tema for samlinga vert "Per Sivle sitt liv mellom
tvil og tru". Vi får og vitjing av songkvartetten «4joy» frå
Odda, der Ove I. B. Danielsen er leiar og solist. Dette blir ei samling
med mykje allsong, og vi vonar og ber om ei flott stund i Guds nærvær
denne ettermiddagsstunda.