Oppdatert/endra
10.01.2008



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside    
 
          >>>>>>> Sjå bilete frå NattCUP'en!
NattCUP i innebandy
Takk, takk, takk!


Vel 300 ungdomar møtte opp i Husneshallen natt til søndag for å få med seg årets NattCUP i innebandy. Det var sjette året på rad at KRIK Husnes inviterte til ei slik storsamling, og det vart ei strålande natt med mykje smil og latter, sveitte og engasjement.

Det heile tok til med eit strålande opningsshow i regi av KRIK-leiarar Joakim Espevik, Daniel C. Fitjar og medhjelparane deira. Me fekk sjå på storskjerm at KRIK-elden ankom Husneshallen. Rachel Lauritsen bar fakkelen fram til scenen, der cup-elden vart tent.

Deretter var det inntog av kapteinane for dei 23 laga som deltok i turneringa. Tre lag hadde teke turen frå Framnes kristne vidaregåande skule i Norheimsund, eitt lag kom frå Stord, resten var frå Kvinnherad.

Dei som hadde møtt opp i idrettshallen kunne kose seg med pizza, brus og kioskvarer i Nattcaféen. Nokre song av hjartans lyst på karaoken ein hadde rigga opp her, andre testa køyreferdigheitene sine på bilspel på storskjerm. Mats Mo vart raskast her, og vann eit gåvekort frå MusicBox. Andreplassen gjekk til Morten Tofte.

Inne i sjølve hallen var spenninga og engasjementet stort om kven som kunne dra heim med pokalar, heider og ære. Det vart konkurrert i tre klassar: Jentelag, 8.-9. klassingar og 10. klasse og oppover.

I pausen mellom innleiande gruppespel og sluttspelet var det klart for konsert med Maren F. Birkeland med band. Jenta frå Skudesneshavn som fekk 8. plass i Idol i 2004 serverte ein forrykande konsert full av energi. På ein engasjerande måte formidla ho mange flotte verdiar til ungdommane som flokka seg framfor scena.

Klokka passerte halv 3 om natta før vinnarlaga i dei tre klassane var klare. Så var det premieutdeling til dei tre beste laga i kvar klasse. NattCUP'en var over for i år, og trøtte ungdomar kunne finna vegen heim og sove ut.

Arrangørane kan med stor takksemd sjå tilbake på eit arrangement som gjekk heilt knirkefritt. Rundt 70 frivillige medarbeidarar gjorde ein fantastisk dugnadsinnsats. Mange har vore med og arrangert cup tidlegare år, og er etterkvart svært rutinerte. Arrangørane har og lyst til å retta ei stor takk til kommunen for støtte, og til eit raust lokalt næringsliv som gjorde det mulig å tilby ungdommane ei GRATIS konsertoppleving denne laurdagskvelden.

Alt i alt ei flott natt, der ein på ein glimrande måte fekk visa at det finnes eit oppegåande kristent ungdomsarbeid på Husnes. Tilbodet er der, og gjennom KRIK og Nattcafé ynskjer ein å visa at Jesus er ein levande person i dag, som ynskjer å ha kontakt med dei unge!

Tekst: Jan-Ove Fagerheim
Alle foto: Joakim Espevik
 

Resultat frå nattcupen

Jenter:
1. Anonyme Bananer
2. Kjeksene
3. Team Awesome

8. og 9. klasse:
1. Rosen
2. Ninjas i Pyjamas
3. Psycopats

Over 9. klasse:
1. Kjeksedragarane uten Svein
2. M.A.M.A.E.A
3. Tullball
 

 

 

 

Hit Counter