Oppdatert/endra
10.01.2008



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside    
 
 
Sprell levande gudsteneste!
Hausten er tid for utdeling av bøker til 4- og 6-åringane i Husnes prestegjeld. Siste søndag i september var det 4-åringane på Husnes som hadde fått invitasjon til å koma i kyrkja og få denne gåva frå kyrkjelyden.

I tillegg til at 4-åringane skulle få bok, skulle det og vera dåp denne søndagen, og barnekoret SVUSH skullle synge for oss. Heilt i starten av gudstenesta var det inngongsprosesjon med dåpsfylgjet, klokkar og prest. Storesøstrene til dåpsbarnet fekk bera dåpsmugga med vatn, og eit lys til å tenne lysa framme på altaret med.

Barnkoret SVUSH smitta oss med sprudlande song-glede. Dei eldste i koret har denne hausten øvd fram mot ein stor Familiekonsert i Kulturhuset Husnes siste laurdag i oktober. Då skal dei få synge saman med Maren Flotve Birkeland, som m.a. har vore med i finalen i TV2 sitt programm "Idol". På gudstenesta fekk me ein liten forsmak på det me kan vente oss den laurdagen.

Då det var tid for preika var det ikkje presten som gjekk opp på preikestolen for å fortelle frå Bibelen, slik det plar vera i ei gudsteneste. I staden for kom ein av leiarane i SVUSH, Olaug Fagerheim, gåande inn midtgongen. Ho hadde kledd seg ut, og me fekk høyra om Sakkeus som hadde så lyst til å sjå Jesus. Men han var jo så liten, og alle dei andre folka som stod langs vegen var så store! Løysinga vart å klatre opp i det store treet som for anledningen var sett opp inntil preikestolen. Sakkeus sitt liv vart heilt forandra i møte med Jesus!

Like etter preika var det 4-åringane sin tur. Nokon våga seg fram heilt åleine, medan ein del hadde med seg nokon som var litt større, fram for å ta imot boka dei skulle få.

Då klokkaren var godt igong med kunngjeringane like etterpå, kom plutseleg ei av leiarane på søndagsskulen på Husnes, Britt Huse, framover midtgongen. Og kva var det ho gjorde? Ho køyrde ein stilig radiostyrt bil! Kva skulle dette bety? Jo, det var tid for å orientere litt om det kristne barnearbeidet som borna på Husnes og bygdene rundt kan vera med på. Og på søndagsskulen på Husnes har dei anskaffa seg to radiostyrte bilar som dei kan bruka som ein av fleire aktivitetar på samlingane sine. Britt kunne fortelja at det var Rødsten Bilforretning i Herøysundet og Expert på Husnes som hadde sponsa dei med bilar. Me fekk litt meir informasjon om SVUSH Barnegospel og at det og er søndagsskule på Sunde. I Herøysundet er det for tida ikkje noko kristent barnearbeid i gong, men nokre av borna i bygda tek turen til Uskedalen på søndagsskule der.

Heilt til slutt i gudstenesta var det tid for postludium. Denne dagen var det ikkje organisten me fekk høyra, men nokre born kom fram og var forsongarar på ein song som rett og slett heiter "Gøy, gøy, gøy". Songen handlar om at det er gøy å synge saman med sine venner. Det er gøy å synge, for det er Jesus som vi kjenner!

Etter gudstenesta kunne ein høyre fleire som konkluderte akkurat med dette:
Idag var det gøy å vera på gudsteneste!

JoF

 

SVUSH Barnegospel
song under gudstenesta.
(Her er dei fotograferte medan dei øvde like i forkant av gudstenesta.)

 

   

Sakkeus (Olaug Fagerheim) kom innover midtgongen, klatra opp i treet, og fekk møta Jesus (Torstein Aarthun)

 

Hit Counter