Å feire 17. mai i
utlandet, og spesielt i USA,
er ei stor sak. I Houston-området
bur det i dag anslagsvis
4-5000 nordmenn. Houston er ein
spanande
storby – med NASA som det store trekkplasteret. Her skal vi ha
omvisning – heilt opp i kontrollrommet,
der alle romferder
vert dirigert frå. Spanande!!
Vi skal og ha ein fin dagstur til
Galveston som er ein flott by – heilt
ute i Mexico Gulfen.
Her kan ein rusle på strender som er
kilometervis lange – bade i sjøen og nyte livet!
Sjølvsagt skal vi besøke
Kjerka i Houston både til
kvardags / gudsteneste
og fest.
Vi har ein flott stasjon i Houston – som
mange er glade i. Her har vi eit stort og
fint anlegg – sjølvsagt med eit
deilig basseng som kjem godt med i
varmen.
Når vi dreg sydaustover
til New Orleans vert det med buss. Ein
flott tur gjennom det sydlege Texas mot
Loussianna som er den staten New Orleans
ligg i. Her kjem vi verkeleg
til Syd-Statane. Det vil merkast
på mange måter. Klimaet er varmt og fuktigare
enn i Houston. Husa
er lågare – folket er meir
blanda, tempoet er langt meir
bedageleg. I det heile
tatt – det er stor forskjell på New Orlans og resten av USA.
I denne smeltedigelen skal vi og besøke
Kjerka som er eit flott anlegg m/basseng.
Her skal vi ha gudstenste og Jazz, BBQ og
fest. Om kvelden er det bare å gå ut i
gatene – finne dei rette plassane
etter anvisning frå guide – sette seg ned
og nyte god musikk og eit folkeliv du ikkje
har sett maken til – utenom i denne byen!
Ein tur med hjulbåt på Mississippi høyrer
med, og swamp-tour for å besøke krokodillar
er sjølvsagt med!
I det heile tatt – dette er årets tur for
dei som vil vera
med på noko som er
annleis i mai månad.
DAGSPROGRAM:
15. MAI AVREISE FRÅ
NOREG / ANKOMST HOUSTON
16. MAI OMVISNING I NASA SPACE – CENTER
17. MAI NASJONALDAGEN VERT FEIRA PÅ KJERKA
18. MAI GUDSTENESTE PÅ KJERKA
19. MAI HEILDAGSTUR TIL GALVESTON
20. MAI AVREISE M/ BUSS TIL NEW ORLEANS
21. MAI TUR PÅ MISSISSIPPI MED ”NATCHES” /
22. MAI SWAMP – TOUR / JAZZ OM KVELDEN
23. MAI DAGEN FRI TIL EIGEN DISP.
24. MAI GRAUT PÅ KJERKA / JAZZ OM KVELDEN
25. MAI GUDSTENESTE PÅ KJERKA, JAZZ OM KVELDEN
26. MAI AVREISE – PÅ VEI HEIM TIL NOREG
Terje Bjørdal
SJØMANNSKIRKEN / Norsk kirke i utlandet
Tlf.: 55 55 22 55 / 95 88 07 06