Den 6. september var
me ein glad gjeng som reiste avgarde frå Kvinnherad mot Austevoll.
Det var Jan Ove Totland, Tone Synneve Myklebust Hellesøy, Ingrid
Marie Hellås og Marit Lindekleiv. Vi skulle på babysong-kurs.
Det heile byrja med opning av ordføraren. Vidare fekk vi
høyre litt om korleis baby-songen fungerte på Austevoll og korleis
det byrja der. Vi fekk og sjå 10-15 babyar og mødre i aksjon, det
var veldig kjekt.
Dagen etter fortsatte seminaret og vi lærte meir om korleis vi
skulle bruke baby-songen. Vi hadde litt idémyldring og fekk
praktiske tips. Vi fekk og vere med på ei eksempelgudsteneste slik
som dei plar ha det i Bekjarvik. Der har dei eit ca. 15 min innslag
med babysong i gudstenesta.
Nøgde og inspirerte reiste vi tilbake til Kvinnherad. Vi går med
tankar om å starte babysong her og, men dette er berre på
draumestadiet enno…