Staben på Husnes
kyrkjekontor har vokst litt denne hausten. Ingrid Marie Hellås er
frå Sandvoll
og går 2. året på Bibelskulen Bildøy. Eit år kor omlag 70 % er
praksis og 30% er undervisning. Praksisen har ho i Husnes og
Holmedal sokn.
Ingrid Marie manglar berre nokre veker før ho rundar 20 år.
Etter at ho var ferdig med vidare-gåande hadde ho fleire alternativ
til kva ho ville gjere, men til slutt havna ho på Bildøy. Etter eit
spanande år der var ho klar for
nye utfordringar og dei fann ho her på heimstaden sin.
Med seg i bagasjen har ho mellom anna eit flott år på bibelskulen.
På spørsmål om kva som var det viktigaste ho lærte der svarar Ingrid
Marie at ho lærte å setje seg ned med bibelen og ta seg tid saman
med Gud.
Litt praksis vart det og tid til, men langt frå det omfanget som ho
har no.
Hos oss skal ho fyrst og fremst vere med i barne- og
ungdomsarbeidet. Dei som er med på kvar-dagsskulen på Sandvoll, TITO
på Valen, SVUSH og Nattcafén blir ekstra godt kjend med henne. Her
vert Ingrid Marie ein av hovudleidarane dette året. Dette gler ho
seg til, og ho kan røpe at ho likar aller best å vere saman med dei
som endå ikkje har begynt på skulen. Og då var det kjekt å få være
med på kurs i babysong på Austevoll i starten på september, seier
ho. I sommar hadde ho teneste på Lyngdal bibelcamping og hadde difor
noko kjennskap til det. Då er det kanskje ekstra kjekt å få være med
på eit slikt kurs.
Korleis er det å arbeide på eigen heimstad, undrar eg? Ingrid Marie
fortel at det både er positive og negative sider med det. Men ho
understrekar at det er mest positive. Her kjenner eg folka og her
kjenner eg bygdene.
Ja, eg har til og med sjølv vore medlem i enkelte av desse lag og
foreiningane. Det gjev eit godt utgangspunkt.
No gler vi oss til å ha Ingrid Marie saman med oss eit år, og vonar
ho får med seg nokon gode erfaringar. Etterpå vert det meir
utdanning. Kva det vert veit ho ikkje sikkert men kanskje vert det
førskulelærarskulen.
Då får eg jobbe vidare med born.