Husnes KFUK-KFUM-speidarar er ei middels stor speidargruppe som held
til på Husnes. Kvar tysdag samlast vi på Husnes Bedehus. Gruppa har
både småspeidarar (3. -
5. klasse) og storspeidarar
(6. - 9.
klasse). Leiarane for speidargruppa er Per Ølfarnes og Torstein
Fykse, samt fleire hjelpeleiarar.
Alle som er medlem
i speidargruppa på Husnes tykkjer det er kjekt å gå på speidaren. På
kvart speidarmøte finn vi stadig på nye og kjekke ting. Det kan være
ein tur ut i skogen for å sjå på livet der, eller kanskje grilla
litt.
Ein lærar og mange nyttige ting i speidaren; alt frå førstehjelp,
knutar, klare seg ute på tur med kart og kompass. Sjøvett og bruk av
kano, og mykje anna. Det beste er likevel det gode vennskapet
speidarane imellom, både i gruppa her og i resten av landet. Turar,
kurs og leirliv gjer at vi treff mange flotte ungdommer.
Alexander
Løyning