|
|
|
|
| Camino de Santiago |
![]() |
| Draumen og tanken har vore der
lenge. Let det seg gjera for oss å gjennomføra den lange vandringa mot
Santiago de Compostela? I mange hundre år har apostelen Jakob si grav i Galicia i Spania vore eit mål for pilegrimar. Vandrarar har opp gjennom tidene hatt mange motiv for å gjere denne reisa; eventyrlyst, bot for synder, ynskje om velsigning og god helse, finna ei anna forståing med livet... Etter fleire påminningar om at einskilde ting skal ein ikkje utsetja å gjennomføra, vart det bestemt at no reiser me. Borna er så store at dei klarer seg sjølve, helsa er god og økonomisk let det seg realisera. Sundag 13. mai 2007 sit me i Haugesund og ventar på flyavgangen til London. Dagen etter er det fly vidare til Biarritz i Sør-Frankrike. Det går buss til jarnbane-stasjonen i Bayonne. Frå Bayonne er det sett opp tog/buss til St.Jean-Pied-de-Port, utgongspunktet for vår vandring. Framme på jarnbanestasjonen er me ikkje i tvil om at me er på rett veg. Nær sagt kor me snur oss ser me reisande med ryggsekker og allværsjakker. Mange av dei me traff her, møtte me att med ujamne mellomrom på vegen. Fyrste vandringsdag vart ein god test på korleis den fysiske formen var. Turen starta på kring 250 m.o.h. Dei fyrste 21 kilometrane var stort sett stigning heile vegen opp til over 1400 m.o.h, deretter nedstigning dei neste 6 kilometrane fram mot det gamle klosteret i Roncesvalles, 950 m.o.h. Veret var fint og turen vart ei spektakulær oppleving. Dagane som fylgde vart også spanande dagar. Etterkvart som det vart ei rekke av dagar vart det vanskeleg å hugsa om det var i går eller dagen før me møtte Pablito. Heile denne dagen hadde Manolita vore på utkikk etter om nokon hadde stav til henne, men ingen ville gje frå seg staven. Alle hadde eit særskilt forhold til staven sin slik at det var umogeleg for dei å gje han bort. Det var alt langt på ettermiddagen, me var slitne og oppetterbakken var lang. Øverst oppe i bakken sit Pablito og ventar. Han helsar oss når me kjem og spør om me vil ha ein stav. Snakkar om rett mann på rett stad. Me vert invitert heim til han, vert vist kring i hagen og får stempel og godord med på vegen. Me får også lynkurs i korleis gå med vandrarstav. Stavane og Kalabasen me fekk hos Pablito hadde me med oss resten av vegen. Seinare, på vegen, får me høyra at Pablito var ein viktig aktør i arbeidet med å skaffe midlar til opprusting av pilegrimsvegen. Det vert mange møter med mennesker på vegen. Ikkje alltid var det lett å forstå kvarandre når det gjekk på fransk, tysk, italiensk, engelsk, norsk, spansk og andre språk. Likevel, så ulike me kunne vera på mange måtar, var me alle opptekne av det same, å nå målet, Santiago. Gleda var alltid stor når me etter nokre dagars vandring såg att nokre kjende fjes. Det ein ikkje kunne seia med ord vart vist med glede over gjensynet - smil, klemmar, klapp på skuldera… Det oppstod etterkvart eit slag brorskap mellom pilegrimane. Det var ei god kjensle å få vera innvigd i dette brorskapet. Vegen Camino de Santiago snor seg gjennom kulturlandskap. Mykje er smale grusvegar lagt utanom vegar med motorisert ferdsel. Likevel, einskilde stader er det asfaltert veg med biltrafikk. Når me tenkjer attende har ikkje dette vore noko dominerande oppleving. Heile vegen var godt merka, det var vanskeleg å tulla seg bort. Personar me spurde om vegen var alltid gjestfrie og hjelpsame. Gjennom heile året er det vandrarar på vegen til Santiago. Det toppar seg likevel i juli og august. Me tok ut på vandringa i mai og er for vår del overtydd om at dette er beste tida på året å vandra. Det er vårleg, naturen kring er grøn og frodig. Nyansane i grønt er mange. Kornåkrane er store lappetepper i forskjellinge grøne nyansar. Det er forskjellig grønfarge på vinstokkane og oliventrea. Blomane står i full flor. Mangfaldet av blomar langs vegen er fantastisk og fargeprakta overdådig. Fargane på jordsmonnet er sterke. Det raude jordsmonnet gjev den beste smaken på vindruene, seiest det. Dagen då me vandrar opp i fjellet til den kjende ”Cruz de Ferro”, jarnkorsen, vert ein mange timar lang vandring gjennom ein ”fjellhage” i full blom, uforgløymeleg. Ved korsen får me lagt frå oss suter me har hatt med oss heimanfrå. Etter som det minkar på dagane og målet nermar seg, opplever me at me ikkje lengre er like opne for alle inntrykk kring oss, men vert meir og meir fokusert på målet der framme. Den 13. juni 2007, på morgonen, er me framme i Santiago de Compo-stela. Me oppsøkjer pilegrimskontoret og får våre bevis på å ha gjennomført reisa. Me har klart det!!! På vegen har me hatt mange og rike opplevingar, menneske me har møtt, natur, sett storslagne byggverk. Katedralane i Burgos, Leon, Astorga og Santiago var imponerande. Pilegrimsmessene, særleg i Roncesvalles og i katedralen i Santiago, rørte med oss på ein underleg måte. Det seiest i Galicia at Camino de Santiago ikkje endar før det er slutt på vegen. 15. juni sit me på Finisterre. Det er berre hav å sjå så langt auga rekk. Reisa er slutt, me har lagt bak oss 850 km. Buen camino! Manolita og Kjell Sigbjørn |