Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Friluftsgudsteneste på gammal grunn

På Utåker ligg det nokre gamle kyrkjemurar. I gamle dagar stod ikkje kyrkja like ovanfor ferjekaien der du finn ho i dag; kyrkja låg eit par kilometer lenger inne i bygda, oppe i Holmedal. Éin gong om året plar ein samlast til friluftsgudsteneste på denne gamle kyrkjestaden.

Det er flott å kunna halda gudsteneste ute i Guds frie natur no om sommaren. I Husnes prestegjeld er det ein god tradisjon for friluftsgudstenester; ein har Krossmesse på den gamle kyrkjegarden på Kaldestad, friluftsgudsteneste i Husnesparken, fjellgudsteneste på Vardhaugselet og no denne friluftsgudstenesta på den gamle kyrkjestaden i Holmedal.

Eit femtitals menneske hadde funne vegen ut i den flotte sola denne første søndagen i juli. Dei fleste hadde teke med seg stol og mat til kyrkjekaffien like etter gudstenesta. Sokneprest Jan Ove Totland leia samværet, medan organist Tone Synneve Myklebust Hellesøy sytte for musikk til allsongen.

JoF
 

Hit Counter