KRIK har meir enn 300 lokallag spreidd over heile landet, mellom
anna på Husnes.
– Aldri tidlegare har så mange ungdommar frå Kvinnherad reist på Action,
fortel kyrkjelydssekretær
Jan-Ove Fagerheim. Dette har vore heilt supert, seier han.Saman med seg har han hatt Per Ølfarnes og Torstein Aarthun som
leiarar og minibuss-sjåførar.
Lise Marie H. Olsen (Husnes) og Sigrid Tjeldflåt (Valen) var på Action
for tredje året på rad. Dei har hatt frisbee som aktivitet, og lært ein
heil del nye ting. Elles har dei nytt sola og kost seg.
– Me har blitt kjent med mange kjekke folk, seier dei to i kor. Alle er
liksom så greie med kvarandre på
denne leiren, og det er lett å bli kjent med nye folk.
Magnus L. Magnusson (Husnes) har hatt fotball og er førstereisgut på
Action. Han kan seie seg einig i det jentene seier:
– Det var lett å bli kjent med nye, og så var det så mange kjekke
leiarar. Ja, til og med vaktene om nettene var kjekke å snakke med.
Ekstra artig var det for Magnus at han heilt tilfeldig traff igjen
fleire ungdommar han ikkje har hatt kontakt
med på ni år.
– Det var stilig å treffe igjen fleire av dei eg gjekk i første klasse
med, seier han.
Samansveiste
Alle tre ungdomane understrekar at det er svært samansveisande for KRIK
Husnes-gjengen å reise på turar som dette.
– Me har sett kvarandre tidlegare, men me kjende jo ikkje alle like godt
frå før. Dei nye KRIK Husnes-T-skjortene sveisa gjengen ekstra godt
saman.
Magnus poengterer at det var ekstra stas dei gongene KRIK Husnes vart
nemnt framme frå scenen. Eine kvelden hadde både leirsjefen, bandet og
forsongarar fått seg kvar si T-skjorte av Husnes-gjengen.
Ein dag på Action er nokså mangfaldig: Frukost, morgonmøte, aktivitetar,
middag, badeland, kveldsmøte, miljøtorg og til slutt god natt. Ungdomane
frå Kvinnherad fordelte seg på volleyball, baseball, rollerblades,
orientering, kondisjon, fotball, frisbee, terrengsykling, kano og 59
grader Bø.
KRIK har stilt med dyktige og engasjerte instruktørar i meir enn 30
aktivitetar. Målsetjinga til KRIK er å bevare, vinne og inspirere til
idrettsglede og trusglede. Eitt av slagorda deira er: Idrettsglede +
Trusglede = Livsglede.
Tema for årets Action var «Full pakke». Eitt av poenga som kom fram på
møtene, var at Jesus vil hjelpe oss til å leva det livet me er skapt til
å leva. Han kan gi oss «full pakke»; alt me treng for å leva. Han er med
oss når me er på leir, men så er han like mykje til stades også i
kvardagen vår – der me er.