Mandag 25. juni dreg ein sprudlande gjeng med ungdommar frå KRIK
Husnes til Bø i Telemark for å vera med på KRIK sin sommarfestival
ACTION. 29 ungdommar og 3 leiarar set seg i to minibussar og suser
avgårde over fjellet.
ACTION er ei veke i total livsutfalding i Bø i Telemark; Sommarland,
idrett, Bibel og 1 000 andre ungdomar gjer dette til sommarens høgdepunkt
for 20. år på rad...
ACTION går i år av stabelen 25.-29.
juni. Her skal ungdomar i alderen 14-17 år herje frå seg med Jesus
som midtpunkt kvar dag i ei lita veke.
Konseptet er at deltakarane på førehand
vel seg éin av 32
idrettar dei ynskjer å få instruksjon i, og denne held dei på
med på dagtid, frå ca kl 10.00-14.00. Før dette er det morgonmøte,
og etterpå er det middag og kveldsmøte. Ellers er det opp til dagens
kreative ungdom å nytte tida i Sommarland, på KRIK-torget og rundt
om på festivalområdet best mogeleg. Me bur på Bø
camping, kun 500 meter frå Sommarland.
For fem år sidan reiste 6 deltarar og 4 leiarar frå KRIK Husnes til
Action. Sidan har antal deltakarar auka jamnt og trutt; 8, 12, 18 og
nå altså 29. Dette er svært gledeleg. Det er utruleg samansveisande
for dei som vert med på slike turar som dette.
Nye T-skjorter
Like før turen til Bø var dei nye T-skjortene til KRIK Husnes
ferdige. I vår hadde me ein logo-konkurranse, der ein kunne vinne eit
gåvekort på kr. 500,- hos Handlebyen Husnes i tillegg til ei gratis
T-skjorte. Samtidig trekte me ut to stk av dei som var med i
konkurransen som og fekk kvar si gratis T-skjorte. Logoen som gjekk av
med sigeren (sjå nedanfor) er utforma av Andreas Røssland. Dei to
andre som fekk gratis T-skjorte var Malene Rusten og Elisabet H.
Totland.
T-skjortene, som er laga i eit uttal ulike fargekombinasjonar, kan ein
kjøpa for kr. 100,- ved å ta kontakt med kyrkjekontoret på Husnes
(53 48 27 40).
JoF
|