Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Skaparverkets dag

Tradisjonen tru var det friluftsgudsteneste i Husnesparken ein sundag i juni. Og tradisjonen tru var ramma omkring ei slik gudsteneste den flottaste ein kunne ynskje seg, med blå himmel, grønne plenar og blankt vatn. Så fint var vêret, at fleire av dei 70 frammøtte fann beste plassen godt innunder busker som kunne gje skugge.

Flottare kulissar kunne ein ikkje få til skaparverkets dag. Petter Dass si salme ”Herre Gud ditt dyre navn og ære” fortalde korleis heile universet er med og prisar Gud, alt frå dei ulike fiskeslaga i havet til dei ville dyra. Med sitt frodige språk peikar salmediktaren på at også vi skal prisa Gud og på det viset halda Guds namn heilag. Og vi skal ikkje berre prisa Gud med ord. Det vi gjer skal understreka lovprisinga. Ei meir høveleg salme kunne ikkje finnast til skaparverkets dag, då vi blir minna om alt det flotte Gud har skapt og ansvaret vi har for å ta vare på det.

Gudstenesta samla både Husnes kyrkjelyd og pinsemenigheten, og er på det viset også ei påminning om at ein har det viktigaste felles sjølv om ein til dagleg har oppgåver i ulike arbeidslag.

Frode Sæland var tekstlesar og sokneprest Jan Ove Totland preikte.
 


MET
 

Hit Counter