Inne på bedehuset kunne ein m.a. spela biljard.
På P-plassen utanfor bedehuset var det rigga til med grill- og kiosk-telt.
"The Amps" frå Valen gledde oss med gitar-spel og song.
Preben Dale Heimstad på gitar og vokal.
Mads Løkeland og Morten E. Olsen på gitar
Ei gruppe frå Kvinnherad sin venskapskommune i Guatemala deltok på samlinga.
Ove Tvedt leia innslaget med maya-indianarane frå San Lukas Tolimán.
Karina S. Johnsen fekk prøva seg som tolk.
Ute var det ulike konkurransar og aktivitetar. Her frå spiker-konkurransen.
Det er om å gjera å få spikeren nedi på færrast mulig slag.
Eirik Fykse og Morten Røssland stod likt, og måtte foreta "omslag".
Eirik Fykse konsentrerte seg og satsa alt...
...men måtte sjå seg slegen av Morten Røssland.
Undersida av 4"x4"-boksen var litt av eit syn etter konkurransen...