Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

16. mai-arrangement for ungdom
Aktivitetar, grilling og besøk frå Guatemala
 
 

Dette året får også gjester frå Kvinnherad sin venskapskommune i Guatemala, San Lucas Tolimán,
oppleva 16. mai-arrangementet på Husnes bedehus. (Foto: Magne Fitjar)

Nattcaféen på Husnes bedehus om fredagskveldane samlar for tida mykje folk. Kvar fredag (så å seie) kan ein koma saman til KRIK-samling i gymsalen, for deretter å ta turen opp på bedehuset for å få med seg café, biljard, bordtennis, ein god prat, andakt og song.

No er det 16. mai som står for tur, og Husnes IUF inviterer til rusfritt arrangement for ungdom frå 8. klasse og oppover. Dette tradisjonelle ”kvelden-før-dagen”-arrangementet var tidlegare i kyrkja på Valen, men dei siste åra har me halde til på Husnes bedehus.

Kvelden startar med ein del artige aktivitetar utandørs; Klarar du å velta kubbane til laget på andre sida i kubbaspelet? Klarar du å treffe ballongen med pila, slik at du finn ut om du har vunne twist? Kven brukar færrast slag på å få spikeren ned i planken? Dette, og mykje meir, får du svar på dersom du tek turen til Husnes bedehus om kvelden 16. mai. Inne kan du m.a. spela bilspel på Playstation på storskjerm. Expert Husnes har gjort det mogeleg for oss å skaffe to sett med Playseat, ratt og pedalar, slik at to stykk kan konkurrera mot kvarandre. Dette er kjempe-artig! Du kan og prøva deg på biljard og bordtennis.

Etter ei stund med heseblesande og forhåpentlegvis morsomme aktivitetar, er grillmeistrane klare med kotelettar og hamburgerar som dei legg ut for salg. Salat, brus og sjokolade står og på menyen. Under matøkta har me god tid til å prata med kvarandre.

Dei åtte representantane frå Kvinnherad sin venskapskommune, San Lucas Tolimán i Guatemala, som er på besøk no i mai, vert med oss på bedehuset denne kvelden. Dei vil delta med song, dans og informasjon.

Dette skal bli ein feiande flott kveld! Går du i 8. klasse, eller er eldre, er det berre å ta med seg nokre tiarar til mat og aktivitetar, møt opp og bli med denne kvelden-før-dagen på Husnes bedehus!

JoF
 

Hit Counter