Konsert med mannskoret "MANNA"
i Valen kyrkje, laurdag 5. mai kl
19.00
På laurdagskvelden vert det ei flott
korsongoppleving i Valen kyrkje. Mannskoret Manna frå Bergen er på
ein miniturné i Sunnhordland, og dei vil vitja Kvinnherad med denne
konserten.
Koret består av 10-12 unge menn og er tilknytt Bergen indremisjon.
Koret held eit høgt musikalsk kvalitetsnivå, og dei syng acapella i
mange stilartar. Deira repertoar inneheld mellom anna moderne
amerikansk gospel , men og ein god del norske salmar og folketonar
på spanande arrangement. Dei har gjeve ut fleire CD- ar, som og kan
kjøpast i samband med konserten.
– For koret og medlemmene er det vitnesbyrdet om Jesus Kristus og
evangeliet som står i sentrum for tenesta, og der musikken er eit
middel til å gje dette vidare til andre. Vi trur dette kan bli ei
flott musikalsk
og åndeleg oppleving