Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Avslutningstur i Tveitedalen
 

Søndag 29. april var det avslutningstur for store og små i Tveitedalen på Utåker. Det var Sandvoll og Holmedal Kvardagsskule, i lag med indremisjonsforeningane i bygdene, som arrangerte turen.

Alle møtte fram ved Ternebu (skisenter). Der var det laga til sporløp innover til ein plass som heiter Tverrberg. Før Sporløpet kunne starta fekk alle utdelt agent-alfabet og oppgave-ark av sjefsagent Olaug. Det var 11 spor innover dalen med ord på agent-alfabetet. Til slutt måtte ein komme fram til ein setning som var løysning på oppdraget. Små og store la ivrig i veg. Undervegs måtte og laga bryne seg på ulike oppgaver; Kaste potet i bøtte, ringkast, bowling m.m. Alle kom fram til løysningsordet som var: ”Jesus sa: Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar.” Etterkvart som gruppene vart ferdige med sporløpet var det pølser og brus å få for små og store magar.

Marta Kroka frå Husnes Søndagsskule var med oss og hadde andakt. Ho fortalde om då læresveinane til Jesus fekk misjonsbefalinga, og sa at den var like aktuell nå som då. Me har alle ei oppgave med å fortelje andre om Jesus, enten her heime eller til andre folkeslag.

Det var tid for kaker og kaffi og salg av lodd. Både lynlodda og skrapelodda til kretsen gjekk unna som ein røyk. Me fekk inn ein fin sum pengar som blir sendt til kretsen.
Til slutt fekk alle barna agent-diplom for flott innsats i sporløpet, Søndagsskuleblad og Agent-CD.

Det var ca 45 små og store som hadde ein flott dag ute i flott natur med nydelig vær, og som ei av dei eldre sa: ”Dette har blitt ein tradisjon som me må få med oss!”

Takk for no og god sommar til alle!

Olaug F.

Link:
BS Agentane (Norsk Søndagsskoleforbund)

Hit Counter