Søndag 22 april var det felles samtalegudsteneste
for alle konfirmantane i Husnes og Holmedal sokn.
Vi var saman i Husnes kyrkje, og konfirmantane stod denne dagen for
det meste av gudstenesta.
Alle konfirmantane var med i eit kor som song nokre songar. Bønene
hadde dei laga sjølv, og to av konfirmantane preika saman med
presten denne dagen. Preludium og postludium var soloinnslag som
konfirmantane også stod for. Kyrkja var mest fullsett, og
vi håpar det vart ei fin oppleving
for alle som var til stades denne ettermiddagen.
Etter gudstenesta kunne konfirmantane
pusta letta ut og reisa ut til Valen kyrkje kor det vart servert
taco.
Eit vel fortent måltid etter ein flott innsats under gudstenesta. Då
er det berre konfirmasjonen som står att...
TAa
Kristine R. Sjo
(piano), Benedicte S. Tislevoll (piano), Agnar Lauritsen (bass), Martin
R. Vik (gitar), Magnus L. Magnusson (bass), Eirik Fykse (trommer) og
Oddbjørn Kloster (lyd).
Etter samtalegudstenesta vart det servert taco for dei ca
180 som var med på konfirmant- og foreldrefesten.