Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Ny alterduk i Husnes kyrkje
 

I påsken vart det teken i bruk ein ny alterduk i Husnes kyrkje. Den gamle var etter kvart slitt og tida var inne for å skifte den ut. Dette hadde også Marit Elisebet Totland sett og ho bestemte seg difor for å sy ein ny duk til kyrkja.

Ho starta med nål og tråd i november for halvtanna år sidan, og til påske dette året låg duken på altaret. Det er slett ikkje lite arbeid som ligg i eit slikt handarbeid. Folk som har greie på det seier at det er om lag eit årsverk med arbeidstimar.

I gudstenesta 1. påskedag vart det markert at den nye duken no er teken i bruk. (Han hadde også lege på altaret langfredag, og ein og annan vaken kyrkjegjengar hadde då sett at det var komen ny duk). Soknerådsleiar Elisabeth Blokkum uttrykte stor takk frå soknerådet for dette arbeidet og overrekte eit gåvekort og ei blomehelsing. Marit gav uttrykk for at ho syntest dette var ei flott teneste som ho kunne gjere, og det er jo flott å få høve til å lage noko som bokstavleg talt får liggje på Herrens bord. ”Kanskje kjenner nokon duken igjen” undra Marit, ”eg har brukt den gamle duken som utgangspunkt for mønsteret.

Etter gudstenesta var det mange som var framme ved alteret og studerte den nye duken. Det er også du velkommen til å gjere neste gong du besøker Husnes kyrkje.

TAa

 

Hit Counter