|
”Sjå, der er
søndagsskulepresten” ropa ei barnestemme då Magnus kom gåande på eit
av sentera på Husnes. Eigentleg er det ein flott tittel å ha, seier
Magnus med eit smil om munnen. Eg treff han heime i stova. Jau, eg
har vore søndagsskulelærar ei tid, men eg slår nok ikkje onkelen
min, seier han.
I haust fekk Magnus Hitland og Marta Kroka diplom
for lang og tru teneste i søndagsskulen. Ein vél fortent heider
etter mange søndagar i søndagsskulen si teneste.
Magnus busette seg på Husnes i 1978. Men alt før dette var han med
som leiar i søndagsskulen på Salhus. Det byrja med at han fylgde
sonen på søndagsskulen, men det tok ikkje så lang tid før han vart
spurt om han kunne hjelpe til. Magnus svara ja, og han visste nok
kva han gjekk til, for han hadde alt ein lang karriere som
søndagsskulegut sjølv.
Same spørsmålet kom også då han kom til søndagsskulen på Husnes med
borna. ”Kan du hjelpe til litt?”
Og Magnus svara ja. Sidan har søndagsskulen vore ein stor del av
livet hans. Sjølv om borna deira etterkvart vart vaksne og slutta på
søndagsskulen, gjorde ikkje Magnus det. Han har vore trufast. Ei
stund var det kvar søndag, men etter kvart vart det annakvar. Magnus
humrar litt og fortel om ein søndag som eigentleg var utan
søndags-skule. Han fekk telefon rett før klokka 10: ”Skal det ikkje
vere søndagsskule i dag? Det står så mykje folk utanfor bedehuset”.
Då var det ikkje anna å gjere enn å koma meg bort til bedehuset. Den
dagen var det ca 40 born på søndagsskulen, fortel han.
Magnus har vore lærar og eg undrar om han ikkje vart lei av å
undervisa. No brukte han jo til og med søndagen til dette. Til dette
svarer Magnus at det sikkert kunne vere slik at han var lei stundom.
Men søndagsskulen har alltid hatt bruk for meg, og eg har vore her,
så kvifor ikkje? Søndagskuleforbundet har vore flinke og laga gode
opplegg så det har alltid vore ein fordel. Og så har eg hatt mange
gode medspelarar, seier Magnus. Det har vore, og er, fleire flotte
personar som har tatt del i søndagskulearbeidet her på Husnes. Då eg
måtte gi meg av helsemessige årsaker fekk dei ein ny leiar, og det
gler eg meg over.
Magnus fortel om mange flotte stunder på søndagsskulen. Tenk for ein
start på ei samling når eg seier at vi
skal snakke om himmelen, og om korleis det er der? ”Der er det
flott!” kjem det med ein gong frå ein liten gut. Borna er sprudlande
og spontane, og det set eg pris på, seier Magnus.
Etter eg vart sjuk, måtte dei forklare dette til borna. Då vart det
sagt at eg var lam i den eine foten, og at eg difor ikkje kunne koma
på søndagsskulen meir. Svaret kom raskt frå ei jente som sjølvsagt
visste råd:
”Han kan vel hinke!”
Eg har møtt mange av søndagskuleborna igjen i ungdomsskulen, seier
Magnus. Sjølv minner eg dei aldri på at dei har gått på
søndagsskule, men det hender dei seier det sjølv, og det er
hyggeleg. Noko av det fine med yrket mitt, og med tenesta som
søndagsskulelærar, er at eg treff mange unge menneske som eg kan sjå
igjen seinare. Dei siste åra har ungane meir enn før hatt med
vaksne, både foreldre og besteforeldre, på samlingane. Dette har eg
sett pris på. Eg likar meg saman med folk, og trives med å bli kjent
med nye menneske.
No er det ei stund sidan Magnus var med på søndagsskulen. Saknar du
søndagsskulen, undrar eg? Det var eit vanskeleg spørsmål, seier
Magnus. Eg har jo drive på med dette i ganske mange år, så kanskje
er det på tide
å gje seg når ein nærmar seg 70. Men eg måtte jo gje meg fordi eg
vart sjuk, så det var jo slett ikkje den kjekkaste måten å gje seg
på, seier han, før han endå ein gong held fram det gode tilhøvet med
dei andre som dreiv søndags-skulen saman med han.
Eg prøver å få Magnus til å tenkja etter kor mange born han kan ha
undervist i løpet av den tida han har vore søndagsskulelærar. Men vi
finn fort ut at det er eit ganske umogeleg prosjekt. Men ein ting er
i alle fall sikkert,
og det er at det er mange som har sett pris på den tenesta Magnus
har stått i som søndagskulelærar.
TAA
|