|
|
|
| |||||||||
|
Tomasmesse i Holmedal kyrkje |
||
|
|
Søndag kveld inviterer Husnes og Holmedal sokn til Tomasmesse i Holmedal kyrkje. Dette er ei gudstenste med mykje allsong, og under Tomasmessa har vi ei avdeling der kyrkjelyden kan bevege seg omkring i kyrkjerommet. Ynskjer du at nokon skal be for deg, kan du gå til ein bønestasjon. Du kan også tenne eit lys i lysgloben, skrive ditt eige bøneynskje og legge det i bønekorga eller sitje på plassen din og delta i fellessongen. I staden for tale, vil ein frå kyrkjelyden ha eit vitnemål. Seinare i gudstensta vil vi også ha ei stille stund med rom for frie vitnemål. I siste del av gudstenesta er det nattverd. Pinsemenigheten deltek saman med oss på denne gudstenesta, og vi set pris på det gode fellesskapet vi kan ha saman. Vonar vi kan samlast frå mange bygder denne kvelden. Du er velkomen! Jan Ove Totland sokneprest |
|
![]() |
||