Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Skiweekend på Helgatun

Dette året har det vore ein nokså sur vinter her i Sunnhordland, med mykje regn og tunge dagar. Difor var det ekstra gledeleg med nokre flotte solfylte vinter-dagar då 28 ungdommar og 3 leiarar frå KRIK Husnes og Ope Hus på Valen drog til Helgatun på Skiweekend andre helga i februar.

For tredje år på rad har Husnes IUF og KRIK Husnes lagt Indremisjonssamskipnaden sin Skiweekend inn i semesterplanen sin. Av dei vél 70 deltakarane på heile leiren var altså nesten halvparten av ungdommane frå Kvinnherad.

Helgatun ligg i Myrkdalen, ca ein halvtimes køyring forbi Voss mot Vikafjellet. Dette er ein av dei mest snø-sikre plassane i Hordaland, og forholda i skitrekket var heilt perfekte.

Fredagskvelden hadde me diverse bli-kjent-samlingar. Me var m.a. ute og akte i -16 oC !!!
Leiren samla ungdommar både frå Stord, Odda, Kvam, Fitjar, Bømlo, Karmøy, Samnanger og Os,
så det var mange nye ansikt å sjå.

Laurdag og søndag var det frokost og Bibeltreff, før me tok turen opp i skibakken. Bjarte Aarland frå Bergen hadde to engasjerande Bibelsamlingar under temaet “Trend-setteren Jesus”.
Han snakka m.a. om dei første læresveinane som gjekk frå alt det dei heldt på med, for å fylgja Jesus. Mange parallellar vart knytt til korleis me som mennesker, og kanskje særleg ungdommar, har lett for å fylgja ulike trend-settarar. Jesus var ein spesiell leiar; Han var tenande og veldig tydeleg på kva som var rett og gale. Samtidig fekk læresveinane gong på gong oppleva den tilgjevinga Jesus var komen for å gi.

Det var ein svært nøgd gjeng med ungdommar som reiste heim søndag ettermiddag. Me var maksimalt heldige med været, og fekk aktivisere oss i Guds frie natur. Dei fleste kunne reisa heim heilt skade-frie.Mange hadde fått seg nye vener. Og ein del hadde nok og gjort seg nokre nye erfaringar i møte med eit kristent miljø, og i møte med bodskapen om Jesus.

Me satser nok på å reisa på Skiweekend også til neste år!

 

FOTO-galleri >>>
 

 

Hit Counter