Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Verdig avslutning i kyrkja


Husnes Blandakor, under leiing av Luitgard Kühne

Dei som valde å tilbringe noko av kvelden i Husnes kyrkje søndag 11. februar, fekk høyre og sjå mykje flott! Inkludert alle korsongarane var i alt 100 menneske samla denne kveldsstunda.

Konserten vart opna av to songar utan ord (Mendelssohn) framført på piano av Tone Synneve M. Hellesøy. Husnes Blandakor og Røysterett for alle bidrog med vakker acapella korsong. Dei framførte kvar for seg eit knippe folketonar, salmar og åndelege viser der bodskapen om ein stor og kjærleg Gud fekk skine igjennom.

Eit vakkert instrumentalt innslag vart det når Kristine Hestad «song» to klassiske stykker på fløyta si akkompagnert av organisten. Med vakker, klår og stor røyst heldt dirigenten til Røysterett, Maria Malmsten, publikum i ande i si avdeling med nydelege nordiske folkestev.

Konserten vart arrangert i samarbeid med Kvinnherad Kulturfestival '07. Kyrkjekonserten vart dermed ei verdig avslutning av denne festivalen. Når vi opnar himmelen over kulturen og lar Gud åleine få ære, då er songen og musikken i sitt rette element!

TSMH


Klikk på bileta for større versjon!

Les kva innsida.no skriv om konserten her.