|
Fyrste fredagen i februar var
konfirmantane i prestegjeldet vårt invitert til Etne på besøk
til konfirmantane frå Etne og Skånevik. Det vart ein kveld mange vil
hugse.
Denne kvelden hadde konfirmantane frå Etne og
Skånevik besøk av eit team som kallar seg Roadservice. Dei reiser
rundt i landet vårt og treffer konfirmantar og andre ungdomar.
Teamet er samansett av eit knippe ungdomar som har eit par
undervisningstimar saman med konfirmantane og etterpå har ein
konsert. I spissen for denne konserten stod Maren Flotve Birkeland.
Ho var med i TV-programmet Idol 2004, og er difor ein artist mange
kjenner frå før.
Det vart ein fin kveld, og særleg var konserten eit høgdepunkt.
Mykje lyd, flott song og musikk, og ein imponerande kontakt med
publikum. Ho nytta og høvet til å formidla det ho trudde på mellom
songane. Dei fleste songane var nok ukjende for konfirmantane, men
plutseleg kom det ein song vi hadde brukt på konfirmantturen vår til
Brandøy. Då vart det allsong, og då same songen etter ønske kom som
ekstranummer inntok mange av konfirmantane våre scenen saman med
Maren. Ei oppleving mange sette pris på.
Etter konserten fortsette opplegget i Etne, men vi måtte ta plass i
bussen for å nå ferja. Denne kvelden var det nok mange av
konfirmantane våre som hadde sett pris på nattferje mellom Skånevik
og Utåker. Då kunne dei fått med seg alt.
TAa
Les meir om kva Roadservice
handlar om her.
FOTO-galleri >>>
|