|
Også dette året
reiste konfirmantane i Husnes prestegjeld til Brandøy på
konfirmantweekend. Fredag 19. januar møtte me opp på ferjekaien
på Sunde.
Turen skulle gå over Halsnøy der me tok ferje vidare
frå Sydnes til Utbjoa.
70 konfirmantar og
12 leiarar inntok leirstaden som Indremisjonssamskipnaden eig og
driv.
Vegen ned til Brandøy var kjempeglatt, så me måtte gå dei
siste 100 metrane. Det var reine skøytebanen den siste biten.
Etter ein god
kvelds fekk alle utdelt det dei hadde behov for av sengklede,
madrasser o.l. Berre
nokre få av konfirmantane hadde vore på Brandøy før, så det var mykje som måtte utforskast i
fritida.
På den første samlinga i møtesalen vart m.a.
alle leiarane
presentert. Etter nokre songar og eit par leikar/konkurransar var
det konfirmantane sin tur til å presentere seg. Alle vart delt inn
i grupper som fordelte seg rundt på huset. Oppgåva gjekk ut på å
lage ein reklame for ulike produkt. I reklamen, som dei skulle
framføre etterpå, skulle dei og få med namnet til alle på
gruppa, samt ein ting dei liker å gjere på i fritida. Innslaga
viste mykje kreativitet og dyktige skodespelar-prestasjonar, sjølv
om ikkje alle gruppene kom fram til eit ferdig produkt.
"Kjære Gud
når eg bed" er ein av songane me dette året har nytta på ein
del av dei gudstenestene der konfirmantane er med og deltek. Songen
song me også på Kveldsbøn-samlinga som avslutta denne første dagen.
Etter ei god natts søvn var me
våkne og opplagde til ein ny dag... Eller... Nei, det var visst
ikkje
alle som hadde fått sove like godt. Det er ikkje alltid så
kjekt å legge seg når ein er så mange ungdommar samla på ein
plass...
Etter frokost hadde
Jan Ove Totland ei undervisningsøkt der me fekk med oss mykje av
det sentrale
i den kristne trua. "Frå krybba til korset"
var tittelen på samlinga. På samlinga song me og songen "All because of You", som nærast vart ein "hit" resten av
helga.
Utover laurdagen
byrja me å jobbe med samtalegudstenesta til våren. Orkesteret
øvde på songar, nokre førebudde preik medan andre jobba med dans,
drama og bøn. Me syntes me kom godt igong, og har byrja å gleda
oss til ei flott gudsteneste søndag 22. april.
Etter ein god
kvelds med taco var det klart for årets "borte-alene-fest"
med mykje latter og gøy. Særleg var det stor suksess med eit noko
utradisjonelt moteshow. Seinare på kvelden var det så klart for
Kveldsbøn att, før me runda av dagen med Nattkino. Det einaste
konfirmantane hadde fått beskjed om var at det var ein norsk
ungdomsfilm av nyare dato, ei blanding av komedie og reality. Det
skulle visa seg at nattkinoen rett og slett var opptak frå den tida
me hadde oppholdt oss på Brandøy.
Søndag formiddag
hadde me gudsteneste-verkstad, der me førebudde dagens gudsteneste.
Det vart ei fin samling, der konfirmantane m.a. var med og deltok
både i preika og forbøna.
Årets konfirmantar var ein sprudlande gjeng å
vera på tur med. Mange gav då og tydeleg tilbake-melding om at helga
hadde vore mykje kjekkare enn dei på førehand hadde trudd. Kun åtte
av konfirmantane var ikkje med på weekend. Dei hadde ei samling i
Valen kyrkje torsdagen i etterkant.
FOTO-galleri >>>
|