|
|
|
| |||||||
|
Eg gler meg! |
|
![]() |
|
|
Tone Synneve Myklebust Hellesøy er tilsett som ny organist i Husnes og Holmedal sokn. Ei teneste ho starta på den fyrste dagen dette året. Eg møter henne ved Husnes kyrkje ein av hennar fyrste arbeidsdagar i januar. Vinden bles, og vi søkjer ly i kyrkja, her er det i det minste vindstille. Med seg har ho ei veske, og så snart ho er på plass ved orgelet tek ho opp ”organist-skoa” frå veska si. Det er viktig med gode sko ved orgelet, men desse har litt for høge hælar, seier ho. Har du tenkt lenge på å verte organist, undrar eg. Ho ler høgt då eg kjem med dette første spørsmålet. ”Ikkje lenge, ikkje lenger enn då eg såg utlysinga”. Tone Synneve er eigentleg utdanna pianist, men er veldig glad ho kan bruka dei musikalske gåvene ho har fått i ein kyrkjelydssamanheng, og ho gler seg til å verta kjent med folket i Husnes og Holmedal sokn. Orgelet er difor eit nytt kjennskap for henne, men ho er ikkje skremd av den grunn. Det er noko nytt å bruke beina på den måten, men det kjem nok med litt øving. Grunnlaget er jo det same, så det kan eg jo, seier ho. Allsong er ho vant til å spele til. Sidan ho var 12-13 år gamal har ho støtt sett seg ved pianoet og spelt til barnelag og ungdomsgrupper, kor og forsamling. Ho gler seg til oppgåvene ho får som organist. Møtet med ”dronninga blant instrumenta”, kyrkjeorgelet, er spanande. Ho håpar at ho gjennom si teneste kan vera med å vise folk kva song og musikk kan bli brukt til i den kristne kyrkjelyden. Songen og musikken er viktig i møtet med Gud. Gudstenesta er langt meir enn ordet. Tone Synneve er gift, har fire born og er busett i Rosendal. Ho seier ho er sunnmøring, sjølv om det ikkje er lett å høyre. No vert det pendling frå indre luten. Tida i bilen er ikkje noko ho ser mørkt på. Då kosar eg meg og høyrer på musikk, seier ho. Då er det litt av kvart som kan stå i spelaren. Stundom er det gospel, stundom lovsongar, barnesongar eller bedehussongar. Før eg skal gå opnar Tone Synneve veska si igjen. Ho tek ut ein bibel, slår opp Ef 5,19 og les: ”syng og spel av hjarta for Herren.” Ei flottare overskrift over ei organsistteneste finn ein vel ikkje? TAa |
|