Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

John Inge på CD


                                                                                                                Foto: Daniel Erland


På byrjinga av 90-talet hadde me i Husnes prestegjeld fleire såkalla “eitt-åringar” hos oss.
Dette er ungdommar som ynskjer å smake litt på det å vera barne- og ungdomsarbeidar i misjonen.


John Inge og gitaren
Skuleåret 1990/91 var det ein ungdom frå Sagvåg på Stord som var eittåring i bygdene her. John Inge Rolfsnes heitte han, og du kunne svært ofte treffe han og gitaren hans på eit av bedehusa her eller i kyrkja på Valen. Saman med Jarl Brosstad, som då var kyrkjelydssekretær, var han svært aktiv i det kristne barne- og ungdomsarbeidet, og det er nok mange som hugsar han frå den tida.

Til Trondheim
I dag er John Inge gift med Gunhild (som og er frå Stord), og saman med sine to døtre bur dei på Melhus like utanfor Trondheim, der Gunhild jobbar som musikk-lærar ved Rødde folkehøgskule. John Inge har dei siste åra vore engasjert som lovsongsleiar i Salem, som er Normisjon si forsamling i Trondheim.

CD-innspeling
I 2001 starta John Inge opp gruppa Skrent saman med to andre musikarar. John Inge er vokalist og låtskrivar i gruppa, som idag har fem medlemer. Hausten 2006 gav dei ut sin første CD. Tittelen på CD’en, som m.a.
er å få kjøpt på Music Box, er “Drønn”.

Vaksen debut
Per Christian Langset i bladet Agenda 3,16 gir CD’en til Skrent 5 av 6 mogelege stjerner i sin omtale av plata. Musikken på plata vert karakterisert som visepop-rock for dei over 20. Tekstane handlar m.a. om lengsel, tvil og einsemd. Mange av songane har dobbel botn, og kan tolkast både reint medmenneskeleg og som eit bilete på forholdet til Gud. I omtalen vert det trekt fram at det faktum at John Inge syng på si eiga Stord-dialekt, gjer songane både ekte og nære.

Har du tenkt å supplere CD-samlinga di no på nyåret, vil eg på det varmaste få anbefale denne flotte plata.
Etter eit par veker med Skrent som reisefylgje i bilen, er eg blitt meir og meir glad i songane.

skrent.no kan du m.a. høyra smakebitar frå plata.

Andre lenker:
Artikkel og anmelding på Gjenlyd.no
Anmelding i Vårt Land
Artikkel og anmelding i Agenda 3,16
Artikkel i Sunnhordland


JoF