Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside


Little julaftan er dagen for å få huset reint og pynta til jul. Støvsuging og golvvask brukar å vere mitt ansvar,
men eg organiserar det gjerne som ein dugnad med neste generasjon. Pyntinga er det kona som har ansvaret for. Å pynte har aldri vore mi sterke side, men eg synest det er koseleg når det er gjort. I kveldinga tek vi inn juletreet og pyntar det, og etterpå er det lov å legge julepakkane under treet. Så er det viktig å hugse på å dele opp juleribba (pinnekjøt) og legge den i vatn, så den ikkje vert for salt til julaftan. I løpet av dagen stikk gjerne nokre slektningar innom til ein kopp kaffi.

Julaftan er det mi oppgåve å koke opp julegrauten og å gjere pinnekjøtet klart for damping. Men det viktigaste denne dagen er å formidle juleevangeliet. Det er i grunnen flott å vere ”reisande i juleevangeliet”. Klokka 12 er
det samling på Husnes-tunet. Så er det heim igjen og ete julegraut saman med familien. Det er alltid spanande
å sjå kven som finn mandelen. Klokka 15 og 16 er det familiegudsteneste i Husnes kyrkje. Det er viktig at julebodskapen får stå i sentrum når vi feirar jul. Og det er ei glede å sjå alle som kjem til kyrkje denne dagen.
Vi feirar at Jesus, Guds son, kom til oss for å vere frelsaren vår. Det gjev grunn til glede og takk.

I våre kyrkjer brukar vi å gje takkofferet til Kirkens Nødhjelp på julaftan. Og det er ein fin tradisjon. Det er Jesus sin fødselsdag vi feirar, og ein fin måte å gje fødselsdagspresang til Jesus er å hjelpe menneske i naud.

Så er det julaftanfeiring i heimen, med pinnekjøt til middag og karamellpudding til dessert. På dette området har eg fått lov å ta med meg tradisjonen frå min barndomsheim (når det gjeld karamellpuddingen så var det mitt val når eg kunne få velje dessert). Og saman med pinnekjøtet dampar vi nokre bitar av mårpølse. Det gjer det ekstra godt.Men før vi tek til på middagen, brukar vi å lese juleevangeliet. Sjølv om vi har høyrt juleevangeliet i kyrkja før på dagen, så høyrer det med i heimen også. Det er noko av det beste juleminnet eg har med meg frå julefeiringa heime i Nordfjord, når vi var samla i salongen om kvelden og far las juleevangeliet. Seinare på kvelden (når alle er ferdige på jobb) er det utdeling av pakkane. Det er kjekt å sjå kva alle får, så difor opnar vi ein pakke på kvar til alle har fått opna pakkane sine. Etterpå er det kaffi, kaker og juleknask. Fram til no har vi hatt alle fire borna våre saman med oss på julaftan. Det gler vi oss til også i år.