Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Frå Myrane med gull, røykjelse og myrra
 


Altarringen tener som stall, der Ole Alexander og Aila tronar som Josef og Maria.

– Der kjem den kongelege hoffreportaren! seier han som står for innskrivinga i manntalet i sakristiet i Husnes kyrkje torsdag føremiddag. Kyrkjelydssekretær Jan Ove Fagerheim har utstyrt seg med kappe i gilde fargar og ei stor manntalsbok, og har besøk av ei gruppe frå Myrane barnehage.

Manntalsføraren skriv opp namna til alle borna, og fortel i talande vendingar om kva som skal skje:

De skal få møta Josef og Maria seinare.
Skikkelege? Det ligg forventning i spørsmålet, som blir hengjande i lufta.
I Betlehem, der skjedde det noko…

Med sikre dramaturgiske grep fortel Fagerheim om ein by langt, langt borte, i Palestina, om det tre vise mennene og om stjerna over stallen.

Ka e da me har med oss når me går på besøk hos nåken så har fått beibi?
Jøsus!

Svaret var visst ikkje heilt presist. Fagerheim har dei tre gåvene klar, og alle får lukta på myrraen.

Dei tre vise mennene kikka på stjernene og visste kva dei betydde, har de kikka på stjernene?
Eg har!
Eg òg!

«Nu vandrer fra hver en verdens krok, i ånden frem, i ånden frem. Et uoverskuelig pilgrimstog, mot Betlehem, mot Betlehem.»

Det er Belinda, Hedda og Cecilie som får æra av å vera dei tre kongane. Snart går prosesjonen frå sakristiet og rundt hjørnet av kyrkja, medan vinden riv i kappene og dei kongelege må halda på kronene.

Inne i kyrkja må det skaffast ein Josef og ei Maria.
E da nåken av dåko så har lyst?
Eg har!
Eg har!
Eg har ikkje lyst!

Ole Alexander blir Josef og Aila blir Maria. Kapellan Torstein Aarthun har alt lenge spankulert omkring som engelen Gabriel. Oppe på galleriet sit ein speleengel på orgelet.

Det er eit fæla oppstyr, tykkjer nok Josef. Ikkje rart at han geispar litt til slutt.


Tekst og foto: Magne Fitjar
 

 Eit klikk på bileta, og vips så blir dei større...

I sakristiet skal dei førast i manntalet: F.v. Mathias Tufteland, Benjamin Skarveland, Marianne Sund (vaksen) Aurora Volledal, Ole Alexander Legland Lange, Christoffer Fredheim og Aila Abdulhai. «Et uoverskuelig pilgrimstog.»
Dei tre kongane Belinda Øvstebø (fremst), Hedda Sundsteigen Tangstad (t.v.) og Cecilie Fjellandsbø (t.h.), med manntalsførar Jan Ove Fagerheim.
Ole Alexander Legland Lange (4) er den geispande Josef, medan Aila Abdulhai (4) som Maria, òg tenkjer sitt om alt oppstyret.

 

Me har og hatt Julevandringar i kyrkja på Valen. Her fylgjer nokre bilete frå vandringa me hadde
med Handeland Friluftsbarnehage torsdag 7. desember. 
(Foto: Jon Vidar Frøyland)
 
     

”Tre kongar kom frå Austerland”. Her er det Ole Vasslid, Alette Vasslid og Håkon Torkildsen som har fått kle seg ut som kongar.

 

 

Kapellan Torstein Aarthun som erkeengelen Gabriel. Saman med seg i englekoret har han Emilie Guddal, Kjersti Tøkje Berntsen (pedagogisk leiar), Frida Nilsen og Ida Eikeland Stensletten.

 

Gjetarane ute på Betlehems-markene fekk besøk av englar.
Her ser me Bente Hurlen, Vemund Askeland (med ryggen til),
Benjamin Frøyland og
Sverre Ådland Eysturdal.

 
     
På veg mot underet i Betlehem
tok heile fylgjet seg tid til å
tenne eit lys i advents-staken.
I bakgrunnen skimtar me spele-engelen Reidar Algerøy.
  Benjamin Frøyland og Kaia Holmedal som Josef og Maria.

                             

Keisar Augustus
(Jan-Ove Fagerheim)
saman med Josef og Maria.



 

Vél framme i Betlehem var det heilt stille medan spele-engelen gledde oss med flott jule-musikk.