I November takka Ole Agnar Helland av som
organist her hos oss. Til Kvinnherad kom han fyrst som organist til Fjelberg og
Eid sokn, men etter kvart vart stillinga utvida til også å gjelde Husnes og
Holmedal sokn.
Dette var ei løysing Ole Agnar likte godt. I starten kombinerte
han stillinga på Halsnøy med musikk-studier i Bergen, og det var då greitt å
ikkje ha meir en 60% stilling. Etter at han var ferdig med studiene passa det
difor godt å gå noko opp i stillingsprosent for også å gjere teneste her hos
oss.Ole Agnar fortel om ei triveleg teneste, men og
ei teneste han kjem til å forbinde med ferger. Ferga mellom Ranavik og Sunde har
mange gonger hatt med seg ein Audi med ein spelemann som sjåfør.
På spørsmål om det er noko særskilt han vil trekke fram frå tenesta hos oss
svarer han at det har vore særleg spanande å arbeide med Langfredagssamlingane
og med salmediktar-kveldane. Desse dagane har eg arbeidd grundig med og det har
vore gjevande. Her har han og arbeidd nært opp mot både musikarar og andre, noko
han har sett stor pris på. Men og SIKVAL -samlingane i Valen kyrkje er noko Ole
Agnar vil ta med seg sørover som gode minner. Sokneprest Jan Ove Totland, som er
primus motor for SIKVAL-samlingane, forsikrar og at dei har
sett stor pris på han.
Pendlar
Til tross for at Ole har arbeidd i Kvinnherad har heimen hans heile tida vore
Rennesøy. Så snart han har hatt høve
til det har han reist heim. No vil han kvitte seg med det gamle familiehuset og
byggje seg eit nytt og mindre hus. Han vil framleis pendle ei tid, men reknar
etter kvart med å flytte permanent til Rennesøy.
Prest og organist Ole Agnar er utdanna teolog, er ordinert og har arbeidd om lag 10 år som
prest. I tillegg har han musikkutdanning og har etter kvart fleire år som
organist bak seg. I fyrste omgang vert han no vikar-organist i heimtraktene før
han skal vikariere eit halvår som prest i Vik i Sogn. På spørsmål om han føler
seg som prest eller organist svarer Ole Agnar at han føler han både er prest og
organist. Begge deler er yrke han kan bruka videre i livet. Vi i Husnes
prestegjeld har sett stor pris på Ole Agnar og vi takkar for tenesta. Samstundes
vil vi og ynskje han lukke til vidare og Guds signing over dei tenestene han går
inn i, anten det vert med kjole på eller ved orgelkrakken.