Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

HaustCUP i innebandy
- ein formidabel dugnadsinnsats


Første laurdag i november var nærare 300 ungdommar samla i Husneshallen til KRIK Husnes sin årlege HaustCUP i innebandy. 19 lag med til saman 98 spelarar kjempa i tre klassar om dei gjevaste plasseringane. Men ein HaustCUP er så mykje meir enn berre innebandyspel.

Me har prøvd å legge til rette for stor trivsel, også for dei som ikkje er med og spelar innebandy, seier kyrkjelydssekretær Jan-Ove Fagerheim.

Difor har dei dette året reklamert med både karaoke i kafeen og Playstation på storskjerm. Det var heilt tydeleg at dette var to aktivitetar som fenga blant ungdommane. Oppe ved inngangen til tribunane hadde ein rigga til med to bilsete, ratt og pedalar, og så kunne to og to køyre om kapp på bilspelet som kom opp på storskjerm like framfor dei.

Me er svært takksame for at Expert Husnes stilte alt dette utstyret til disposisjon for oss, seier Fagerheim.

Spel og ord til ettertanke
Ca 150 ungdommar hadde møtt opp til opningsshowet kl 16.00. Her fekk ein via storskjerm fylgja fakkelen i kjend OL-stil, like frå Løfallstrand til Husnes. Inn i hallen kom Joakim Espevik springande med fakkelen i handa, og tende HaustCUP-elden. Etter ein morosam repetisjon av reglane var det klart for sjølve turneringa. Og engasjementet var stort. Det er ikkje alltid like lett å innsjå eit nederlag, så då kan det vera fort gjort å skylda på dommaren. Men innleiande gruppespel vart unnagjort og ein kunne gjera klart for ”Time out” – ord til ettertanke.

Ein av dommarane, Sveinung Nesheim, var utfordra til å seia noko om det å vera kristen. Kva skal til for å verta ein kristen? Kvifor skal eg bry meg med Jesus og Bibelen?
KRIK står for kristen idrettskontakt, og me ynskjer å kombinera kristendom og idrett, forklarar Jan-Ove Fagerheim.

Dugnadsinnsats
Fagerheim ynskjer å trekkja fram den formidable dugnadsinnsatsen eit slikt arrangement er. Det er eit heilt apparat som er i sving med kafé, vakthald, teknisk, turnering, dommarar og dei ulike aktivitetane. I tillegg til dei ca 40 som var aktive under sjølve arrangementet, var det og 10-12 personar som sørgde for at ein kunne selje heimelaga pizza i kafeen.

Det varmar på ein heilt spesiell måte når t.d. konfirmantmødre ringjer og spør om dei kan få lage ein pizza til arrangementet, seier Fagerheim.

Vinnarane
Då klokka var blitt 23 var vinnarane i dei tre ulike klassane klare. HaustCUPen 2006 vart avslutta med premieutdeling og pokal til kvar spelar på både 1., 2. og 3. plass.
 
Klasse A (jenter):
1. De UtrOlige
2. Flower Power
3. Pink Ladies






Klasse B (8.-9. kl):
1. Red Devils
2. Lama Lords
3. Team Snøsokk
Klasse C (10. kl og oppover):
1. Lag 7
2. Nipplane (frå Stord)
3. Seks vise menn -1

I bilkøyring var det Daniel Totland som sigra over Øystein Rusten i finalen.
Vinnaren fekk med seg heim eit gåvekort hjå Expert Husnes på 500 kroner.

FOTO-galleri >>>


Hit Counter