|

|
Éin gong i halvåret
inviterer me til Tomasmesse i Husnes prestegjeld.
Søndag
29. oktober
skal denne gudstenesta,
som er felles for heile prestegjeldet,
vera i Valen kyrkje.
Tomasmessa, som opprinneleg kjem fra Finland,
frå Agricolakyrkja i Helsingfors,
har fått namn etter "tvilaren Tomas" - læresveinen som måtte stikka fingeren
i Jesu naglemerker og kjenne på Jesu sår i sida, før han kunne tru. Dette er
ei gudsteneste-form der me vert invitert til å ta i bruk fleire sansar, og
til å bruke kyrkjerommet på ein meir aktiv måte enn i ei vanleg høgmesse.
Ønskje og mål for
gudstenesta er at dei
som tek del kan oppleva Guds nærleik og omsut.
Bønedelen er eit viktig
ledd i gudstenesta. Ein kan be der ein sit, eller ein kan koma fram til
alterringen for forbønn, tenna lys eller skriva bønneønskjene sine (anonymt)
på ein lapp. Om ein ønskjer det kan bøneønskje takast med i forbønsdelen.
Nattverden er òg ein
viktig del i ei Tomasmesse. Sokneprest Jan Ove Totland
leiar gudstenesta der òg andre frå kyrkjelyden vil ta del ved
forbønshandlinga.
Tomasmessa er det ikkje ei vanleg preik eller tale, men eit par personar
frå
kyrkjelyden vil ha vitnesbyrd, der dei seier noko om kva Jesus betyr for dei
i kvardagen. Denne gongen vert det og med nokre ungdommar som skal synge og
spele for oss.
Alle er velkomne til Tomasmessa.
JoF
|