|
I
år var bedehuset på sunde 90 år, og det måtte feirast. 24. september
var det stor misjons-fest i bedehuset. Vi samlast i ein festpynta
sal der alle plassar var fullsett. Per Kjerpeseth var festleiar og
yngste velkommen.
Soknepresten vår, Jan Ove Totland opna det heile, og delte med oss
nokre tankar frå dagens tekst om Marta og Maria. (Luk
10,38-42) Fest-talar var Toralf Steinsland. Han tala ut frå
1. Kor 12 om lekamen og lemene. Alle har kvar si oppgåve. Når
lemene er i Kristus er dei i funksjon. Og som fingrane på handa er
viktige, er også lemene det når dei er i den rette samanhengen.
Halsnøyrøystene gledde oss med frisk og fin song og musikk i fleire
avdelingar. Så var det tid for kaffi. Deilige smørbrød og kaker kom
på bordet, og det smaka! Etterpå fekk vi gi vår gåve til bedehuset.
Det trengs pengar til vedlikehald, og på "ynskjelista" står m.a. nye
stolar.
Det
var tid for helsingar, og frå nabobygdene var det fleire som bar
fram helsingar til jubilanten. Diktlesing høyrde også med. Kåre
Tveit las nokre fine dikt. Per Kjerpeseth gav oss litt historikk:
Det hadde lenge vore eit stort sakn at det ikkje var bedehus på
Sunde. I 1914 kom ei kone til dei "styrande" med 1 krone som skulle
vera starten på bedehus. Etterkvart kunne ein kjøpa tomt for kr.
700,- og arbeidet sett igong. I 1916 stod huset ferdig og vart
innvia. Sidan har det i alle år vore brukt i vekkingar, møteveker,
basarar, misjonsfestar, jule- og nyårsfestar, søndagsskule og anna
barnearbeid m.m.
Bedehusklubben har også jubileum i år, dei er 40 år. Dei har sett
det som si oppgåve å kjøpe utstyr til bedehuset. No vart dei gjort
litt stas på då Per ropa dei 9 lemene fram, og Lars Mikkelsen
gav dei kvar si raude rose. Som ei av dei sa: På tide vi fekk ei
rose etter 40 år!
Etter
fleire allsongar gjennom festen, var det no tid for sluttsongen, og
Per hadde leia oss fint gjennom det heile. Ein gild fest var slutt.
Så ba presten Guds signing over oss alle!
B.Kl
Bileter
frå 90-års festen:
(Klikk på kvart einskild bilete for større versjon) |